Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Korleis kan eg tillate slike kjensler?
Fleire kvinner går gjennom vanskelege tankar og kjensler, både under svangerskapet, men også etter. Å ha kroppen sin på utlån i ni månadar, gje opp mykje av identiteten ein har bygd opp heile livet … Det er store endringar.
For mange er dette ei sårbar periode, særskilt for den psykiske helsa, som kan skape fleire utfordringar.
Ein stor geléklump
Eg ser ned på magen min. Den har begynt å vokse. Andre graviditet, som eg verkeleg har grua meg til.
Vi snakkar sjeldan om negative kjensler knytt til svangerskap og perioden etter svangerskap. Alt skal vere så glansfullt og fint. «Åååå så koseleg at du er gravid,» «Det er jo bare ei så fin periode.»
Eg høyrer alle dele dette, men eg kjenner meg ikkje att i det.
For meg er ikkje dette glitter og paljettar. Det er tungt. Ein stor endring, der eg gradvis kjenner identiteten min forvitre.
Les også: Det er virkelig ikke et problem å være «flink pike»
Kroppen min som blir større og større, kvalmen som aldri sluttar å spinne, trøyttleiken som tynger på heile kroppen.
I dette sekundet, er melankolien større enn sjølve romansen.
Så fortel eg meg sjølv, at også denne perioden vil gå over. Men realiteten er at ved ei ending, startar noko nytt; såre niplar, magen som ein stor geléklump, hårstrå som dekkjer heile toalett golvet. Alt dette, midt opp i ein skrikande baby, og søvnlause netter.
Ser eg fram til dette? Absolutt ikkje!
Vond og smertefull bagasje
Eg får lyst å pakke meg under dyna, gå i dvale, og bli verande der, når desse kjenslene dukkar opp.
Stigmaet rundt dette tema, gjer det vanskeleg for meg å vere open om det. Eg kan skjøne at det for mange kan kjennast ut som eit nederlag å snakke om dette. Ja, for samfunnet forventar jo at ein skal vere glad, lykkeleg og takksam.
Men gjev vi nok rom for kvinner å lufte alt det vonde og smertefulle som kan kome med i denne bagasjen?
«Hæ? Korleis kan du meine det?» kan folk seie.
Men eg meiner det. For meg, er det ikkje artig å vere gravid eller gå gjennom alt dette.
Les også: Nå taper begge kjønn
Noko eg er sikker på fleire kan kjenne seg att i.
Samtidig, er dette noko av det vakraste som har skjedd meg. Sonen min, har vore verdt det. Det neste barnet, vil vere verdt det. Det veit eg.
Men det gjer ikkje desse negative kjenslene mindre reelle. Ja, og det bør vere aksept for å kjenne på begge deler.
Dette er det beste som har skjedd meg, men samtidig det vanskelegaste. Det må vell vere rom for å seie det?