Dropp den kval-emojien!

Du som sit og kallar personar for «kvalar», trur du at du inspirerer dei til å møte opp på treningssenteret?

Ingen av desse folka bryr seg om helse, for då ville dei ikkje ha snakka slik om andre, skriv Marianne Clementine Håheim.
    ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kommentarfelta blir fort stygge i nyhendesaker knytt til mat, kropp og vekt. Eit interessant fenomen som ofte dukkar opp, er uttalt vektstigma under påskot av å vere oppteken av helse.

«Det er ikkje sunt å vere tjukk.»

«Du bør kome deg opp av sofaen og ete mindre søppelmat.»

«Du kjem til å døy tidleg om du ikkje legg frå deg chipsposen.»

Det er mange som føler dei er i sin fulle rett til å kommentere andre sine kroppar, og særleg kroppane til menneske med høg vekt. Nokon må jo seie det som det er! Det må då vere lov å påpeike at overvekt og fedme ikkje er helsefremjande?

Eg trur ikkje eigentleg at dei som skriv slike kommentarar, er opptekne av andre si helse, men om dei så skulle vere, vil eg gjerne opplyse om at dei har valt feil framgangsmåte.

Dropp denne, skriv innsendaren.

Vektstigma er nedvurdering og diskriminering av personar med større kroppar. Negative haldningar, kjensler og åtferd retta mot einskildpersonar si vekt er svært utbreidd i samfunnet vårt, og fører til ei rekkje psykiske og fysiske helsekonsekvensar for dei som blir ramma.

Forsking på feltet tydar på at vektstigma hos vaksne er forbunde med mellom anna auka risiko for dødelegheit, mindre fysisk aktivitet, vektauke og auka risiko for overeting og utvikling av eteforstyrring. Altså kan diskriminering og stigma mot personar med overvekt vere langt meir farleg enn vekta i seg sjølv.

Å påpeike eller kritisere nokon si vekt, det vere seg på internett eller i det verkelege liv, gir ikkje verken betre helse eller skapar motivasjon til endring – snarare tvert imot. Det aukar heller barrierane for god helseåtferd, og kan føre til vektauke.

Dei same kommentarane kjem dessutan i saker kor det er snakk om å gjere helsefremjande arenaer lettare tilgjengelege for menneske i alle typar kroppar, for eksempel då Nike lanserte kroppsinkluderande utstillingsdokker til treningsklede i større storleikar. Altså handlar dette høgst sannsynleg om våre haldningar til ulike kroppar, meir enn det gjer helse.

Personar med større kroppar blir omtala som late og dumme, og den store kroppen blir ofte sett på som usunn, umoralsk og mindre verd. Desse haldningane blir etablert i ung alder, og lever i beste velgåande blant norske barn og ungdom så vel som vaksne.

Det vart debatt da Nike lanserte kroppsinkluderande utstillingsdokker, skriv innsendaren.

På Tiktok, der mange barn og unge er, er ytringsklimaet knallhardt, som ein for eksempel kunne sjå i debatten rundt Youtube-kanalen «Gutta». Ein debatt som opphavleg handla om det problematiske i å fremje einsidige kroppsideal, skapte kommentarfelt fulle av vektbasert hets og fordommar.

Det blei raskt sett likskapsteikn mellom det å vere tynn, veltrent, sunn og pen – altså bra, verdig. Større kroppar blei då automatisk utrente, usunne og mindre pene – altså dårlege, mindre verdige.

Dei negative karakteristikkane av menneske i større kroppar var mange og grove, like fullt såg mange ut til å meine at det var eit helsefokus som låg til grunn.

Unge gutar spurde retorisk: «Er det ikkje lov å trene og vere opptatt av helse lenger?» «Er det ikkje lov å ville ha ei pen dame?» «Er det betre å sitte på sofaen og ete chips heile dagen?»

Og slik blir mytar og fordommar om kropp haldne ved like og forsterka, dag ut og dag inn. Personar i større kroppar er slik fordi dei ikkje veit betre. Difor fortener dei ikkje same omsyn eller grunnleggjande anstendigheit som andre menneske.

Dette viser ein svart-kvit tankegang og eit reduksjonistiskreduksjonistiskÅ prøve å forklare heilheita ut frå eigenskapane til kvar einskild del. Også brukt om enkle forklaringar av samansette fenomen. syn på helse, der helse og vekt er det same, og overvekt eller fedme så usunt at ein må overvinne det for ein kvar pris.

Sjølv det å prøve å mobbe nokon ned i vekt vil ha positive helsekonsekvensar, trur somme. Som om psykisk helse ikkje er helse det også, og ikkje i svært stor grad påverkar korleis vi tek val kring mat og fysisk aktivitet.

Ingen av desse folka bryr seg om helse, for då ville dei ikkje ha snakka slik om andre. Det er berre eit veldig praktisk påskot for å kunne drive med kroppshets og vektstigma i fri dressur.

Viss du er oppriktig oppteken av folkehelsa, gjer du lurt i å leggje frå deg kval-emojien og heller lære deg å vere grei mot andre, uavhengig av kroppstype.

Publisert: