Før sommaren i fjor var byfjellet i Bodø den lengste turen June Emilie Rishaug hadde gått nokon gong.
Det er ein tur på i underkant av 5 km.
Men så skjedde det noko som gjorde at June oppdaga fjella og naturen.
Sju menneske i Nordland gjekk i sommar 21 dagar i fjellet langs Nordlandsruta. Tre av dei gjekk frå Hattfjelldal og nordover, fire gjekk frå Narvik og sørover. Dei møttest på midten ved Sulis.
Foto: Sondre Skjelvik / NRKI år valte ho å bruke heile sommarferien sin til å gå i fjella.
Ho gjekk rett og slett 21 dagar i strekk.
Johanne Refseth, betre kjent som «Psykolog med sovepose», seier tid i naturen hjelper på den psykiske helsa. Men ikkje for alle.
Ei utfordring på eit nachspiel
– Så lenge beina held er planen at eg skal gå heilt fram til Sulis, seier Rishaug resolutt medan ho vandrar på sin 10. dag av Nordlandsruta.
Enno er ho ikkje halvvegs ein gong. Og hadde du spurt ho i fjor, hadde ho aldri trudd at ho skulle vore her.
Så kva skjedde eigentleg?
– Eg var på fest med ein kompis i fjor juli. Seint på kvelden kom eg over ein midnattstur som Nord-Salten turlag skulle gå kvelden etter.
Utfordringane i naturen. Å krysse ein bekk med mykje vatn er for mange meir handfaste enn andre utfordringar ein møter i dagleglivet.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKDet var ein åtte timars kveldstur. Så lenge hadde 29-åringen aldri gått i livet før.
– Eg tenkte først at det kanskje ikkje var så lurt, men kompisen min gira meg opp. Før eg visste ordet av det hadde eg meldt meg på.
Etter å ha gått 200 km på denne sommaren sin vandring feira June Rishaug med kvikk-lunsj sjokolade saman sin nye turvenninne, Genine Carcalheira.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKDagen etter vakna ho opp til ein e-post om at ho var bekrefta til turen same kveld.
– Dei første fem minutta hadde eg fullstendig panikk. Så tenkte eg at dette skal eg berre gjere.
Ein blir sliten av å gå opp til 30 km på ein dag i fjellet. Særleg når ein har gått nesten like langt dagen før. Men June meiner det er verdt det.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Det skjedde noko med meg på den turen. Sjølv om eg var sveitt og sliten etter kvelden før, var det fantastisk. Det var nydeleg natur, midnattssol og flotte folk.
29-åringen høyrde bekken som sildra og fuglane som kvitra.
– Det var ein slags form for vekking.
Dagen etter meldte ho seg på ein ny tur. Det var ein dagstur på 3 mil. Turgåaren i Rishaug var vekka.
Ein naturleg oppvakning
Og det er kanskje ikkje så rart at June synest turgåinga var ei vekking.
Ifølge psykolog Refseth viser internasjonal forsking at stressnivåa i kroppen blir lågare når ein er ute i naturen.
– Dei fleste har sjølv opplevd at ting følast problematisk i starten av ein tur, men når ein er ferdig med turen er det eigentleg ikkje noko problem, seier psykolog Johanne Refseth.
Foto: Johanne REfseth– Ein får mellom anna lågare blodtrykk. I tillegg viser nokre studiar at ein tenkjer meir konstruktivt rundt problema våre, og opplever fleire positive følelsar.
Refseth hadde knapt sove i telt før ho bestemte seg for å prøve for nokre år sidan. No er det ein viktig del av hennar terapiform.
Men ein treng ikkje setje av 21 dagar for å få denne verknaden. Berre ti minutt i naturen, til dømes i ein park, bør vere nok.
– Når ein tenkjer på kor mange lidingar som er relatert til stress, er det veldig viktig å finne ting i livet som gjer at det generelle nivået kan roe seg ned, seier Refseth.
På den 21 dagar lange turen langs Nordlandsruta fekk June òg mange nye vener. Det har og noko å seie for den psykiske helsa i fjellet, meiner ho.
Foto: Sondre Skjelvik / NRKFor June Rishaug handlar turlivet om å stå opp, gå strekninga ho skal gå, ete og sove for å restituere. Neste dag gjer ho det same.
– Eg er mykje meir i kontakt med meg sjølv enn det eg er til vanleg og livet kjennest mykje enklare enn når ein sit heime i si eiga stue.
For June Rishaug var det omtrent som ei religiøs oppleving å gå lange turar i fjellet første gong.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Kva gjer det med den psykiske helsa di?
– Ein får ikkje tid til å fokusere på kva alle andre gjer, og korleis alle andre har det. Ein har nok med seg sjølv på fjellet.
Johanne Refsnes seier ho sjølv er upraktisk og klønete. Ho hadde ikkje sove i telt utanfor hagen før i vaksen alder. No er det ein viktig del av livet hennar.
Foto: Johanne RefsethMen psykolog Refset meiner det likevel er viktig å skilje mellom alminneleg tungsinn og alvorlege psykiske problem.
– Om du har ein diagnose, altså så alvorlege symptom at det går ut over kvardagen din, treng du ofte meir enn ein tur i skogen.
Ho antar at dei fleste vil ha god effekt av å vere i naturen. Likevel vil det vil vere individuelle forskjellar.
– Om du hatar naturen trur eg det er like greitt å finne seg noko anna.
DNT: – Viktig for folkehelsa
June er ikkje den einaste som har oppdaga at det gjer godt å gå i naturen.
Aldri før har DNT gått inn i august med fleire medlemmer.
Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, meiner det lover godt for den norske folkehelsa at stadig fleire oppdagar natur og turgåing.
Foto: André Marton Pedersen– Det fortel at fleire oppdagar norsk natur og turglede og at vårt tilbod gjer det enkelt å kome seg ut, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Dag Terje Klarp Solvang.
Oppdaterte medlemstal per 1. august ligg på 318.589.
På same tid i fjor hadde DNT 313.353 medlemmer. Då enda medlemsmassen på rett over 320.000 på slutten av året.
– At DNT blir større, er ikkje nødvendigvis viktig i seg sjølv, men at fleire kjem seg i aktivitet og ut i naturen, er fantastisk, både for den enkelte og for folkehelsa.
Har du tips?
Har du tips til andre saker eg burde så nærmare på? Tidlegare har eg skrive saker om mellom anna Dayo som blei kasta ut om han ikkje fekk rett jobb, Ludvig som blei kasta ut av universitetet i staden for å få tilrettelagt undervisning og ni år gamle Yosef som har budd heile livet på asylmottak.