Vi jobbar for at pårørande skal bli sett, høyrt, og verdsett for innsatsen dei gjer. Som pårørande er du ikkje berre ei støtte for den som er sjuk, men også ein viktig ressurs for helsevesenet. Difor arbeider vi for at pårørande sine erfaringar og synspunkt skal bli tekne på alvor, både av spesialisthelsetenesta og kommunane.

Pårørande sin innsats er enorm. Omsorga dei gir sine næraste er ikkje berre eit uttrykk for kjærleik og ansvarskjensle, men ein ressurs som samfunnet må anerkjenne og støtte opp om. I dag står pårørande for 136.000 ulønte årsverk, nesten like mykje som samla årsverk i kommunal omsorg. Det seier seg sjølv at dette er noko vi må legge betre til rette for.

Difor vil vi i dette innlegget løfte fram Pårørandeavtalen, eit nytt verktøy frå Helsedirektoratet som vart lagt fram 16. september i år. Denne avtalen er utarbeidd for å støtte pårørande som står i særleg krevjande omsorgssituasjonar. Målet er å sikre betre samhandling mellom pårørande og helse- og omsorgstenestene i kommunen. Avtalen vil sikre pårørande sine rettar til informasjon, medverknad, og ikkje minst støtte i deira rolle.

Pårørande sitt bidrag

Pårørande spelar ei avgjerande rolle i å støtte sine næraste. For mange er dette eit kontinuerleg ansvar, og somme står i dette døgnet rundt. Vi veit at psykiske lidingar kan vere langvarige og krevjande, både for pasienten og for dei som står rundt. Å gi pårørande eit rammeverk, som Pårørandeavtalen, kan førebygge at dei slit seg ut og sikrar at dei kan halde fram med sine eigne liv, til dømes i jobb og utdanning.

Det er også heilt sentralt at samarbeidet mellom pårørande og tenestene fungerer godt. Mange pårørande rapporterer om at det kan vere utfordrande å vite kven dei skal henvende seg til, eller kven som har ansvar i ulike situasjonar. Pårørandeavtalen skal bidra til å avklare desse rollane og sikre betre kommunikasjon mellom alle partar.

Betre samhandling – betre resultat

Når samhandlinga mellom pårørande og helsevesenet fungerer godt, vil det ikkje berre gagne den som treng hjelp, men også pårørande og helsepersonell. Eit godt samarbeid kan bidra til å redusere misforståingar, forhindre dobbeltarbeid, og sørge for at oppgåver ikkje blir gløymt. For dei som jobbar i tenestene, vil Pårørandeavtalen gi struktur og tryggleik i møte med pårørande. Samstundes vil den sikre at pårørande sine rettar til informasjon og medverknad blir ivaretekne, og at forventningane mellom partane er tydelege.

Det er klokt å etablere slike avtalar i "fredstid", altså før konfliktar eller frustrasjonar oppstår. Slik kan ein unngå unødvendig ressursbruk på misforståingar og sikre eit best mogleg samarbeid rundt den hjelpetrengande.

Samfunnsøkonomisk viktig

Å lukkast med godt pårørandearbeid er ikkje berre viktig for å gi pasienten den hjelpa dei treng, men det er også samfunnsøkonomisk smart. Med færre hender i helsesektoren, aukande behov for tenester, og større krav til omsorg, er det avgjerande at pårørande får den støtta dei treng for å kunne halde fram sitt arbeid.

Pårørandeavtalen er eit verktøy som vil styrke både pårørande og helsevesenet, og vi oppmodar alle kommunar og helseinstansar til å ta den i bruk. På sidene til Helsedirektoratet finn du informasjon og malar for korleis dette kan implementerast.

I løpet av livet er sjansen stor for at kvar og ein av oss får rolla som pårørande for kortare eller lengre tid. Pårørandeavtale vil medverke til at pårøranderolla blir mindre krevjande for den einskilde og det vil gi ein stor samfunnsøkonomisk gevinst ved at det blir betre samarbeid, mindre konfliktar og betre ressursutnytting. Dette vil også vere positivt for arbeidsmiljø og sjukefråvær. Pårørande brukar mykje ressursar til hjelp og støtte til den sjuke – gjennom bruk av Pårørandeavtale kan desse ressursane nyttast på betre måte.

Mvh. Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helse, LPP, Sogn og Fjordane, ved styret