Det blir vrinska, prata, brekt, kakla og bjeffa om kvarandre på tunet til Langrønningen gard.
Ein tilårskommen hund lograr NRKs utsende velkommen.
Ida Marie Kristensen er ein av mange som får hjelp til å meistre kvardagen på Langrønningen gard i Kveld.
Foto: Philip Hofgaard / NRKMenneske i alle aldrar pratar vennleg saman, mens dei løyser ulike oppgåver i samband med dyrestell.
God stemning er ei underdriving.
Nå er idyllen i ferd med å slå sprekkar.
Slutt på støtte
– Det er berre trist, sukkar ein tydeleg gripen Gunn Tove Furulund, og skodar utover livsverket ho og mannen Knut Martin har skapt.
Gunn Tove Furulund har drive «Grøn omsorg» på Langrønningen går dei siste 25 åra. Nå kan tilbodet bli lagt ned.
Foto: Phillip Hofgaard / NRK«Grøn omsorg» blei etablert tilbake i 1999, og driv gardsarbeid retta mot psykisk helsevern.
Hit kjem folk med ulike utfordringar på dagsbesøk.
Enten det er dyrestell, kunst eller handarbeid, er målet det same. Ein veg ut av, eller ein etterlengta pause frå, eit mørke.
Av og til er det den gode samtalen som fungerer best. I andre situasjonar er det stilla.
Det kan både fagfolk, og ikkje minst brukarane sjølv, skrive under på.
Det er idyllisk i solveggen på Langrønningen gard, men nå kan det snart vere over.
Foto: Phillip Hofgaard / NRKSnart skal Gunn Tove Furulund pensjonerast, og dermed stoppar den økonomiske støtta frå Larvik kommune.
Avtalen frå 1999 gjaldt nemleg for henne som person. Ikkje at nokon kunne overta.
I 2024 må tilboda om å drive psykisk helsevern av denne typen ut på anbod. Om det blir aktuelt å bruke pengar på «Grønn omsorg» i det hele tatt er usikkert, med Larviks hardt anstrengde økonomi.
Det kan i praksis bety kroken på døra for drifta hos Langrønningen gard om andre aktørar leverer eit tilbod som overtyder kommunen.
Det vil ramme mange menneske som strevar, meiner Furulund.
– Vi er ein fellesskap. Ein stor familie som bryr seg.
Umissande tilbod
Det har blant anna Ida Guttormsen fått erfare.
Ho er tidlegare rusavhengig, og beskriv seg sjølv som eit psykisk vrak da ho fekk komme på besøk for første gong.
Garden blei ganske enkelt redninga.
Ida Guttormsen i stallen. Der trivst ho godt.
Foto: Philip Hofgaard / NRK– Eg hadde ikkje stått her i dag, om det ikkje var for menneska og dyra på garden, seier Guttormsen.
I dag har ho blitt mamma, og fungerer godt i kvardagen. Ho er likevel jamleg innom Langrønningen.
– Eg trur ikkje kommunen forstår kva dei mistar.
Gorm Nordman er einig.
Han er samtaleterapeut i Larvik kommune, og følger opp nokre av menneska som bruker tilbodet hos Grønn omsorg.
Gorm Nordman, samtaleterapeut i Larvik kommune.
Foto: Philip Hofgaard / NRK– Når du kjem inn på tunet her og blir møtt av bållukt og ein kald snute – det er den beste terapien ein kan få. Det slår godt og vel det eg held på med, smiler han.
I dag er det 35 brukarar knytt til Langrønningen.
– Det er jo eit dagsenter i seg sjølv, dette her.
Må stille seg i kø
Gina Merethe Johnsen (Frp) er både varaordførar og leiar for hovudutval for Helse i Larvik kommune.
Ho er einig i at Grønn omsorg i Kvelde er eit viktig og velfungerande tilbod, men seier politikarane ikkje har noko høve til å verne drifta.
Gina Merethe Johnsen (Frp), varaordførar i Larvik kommune.
Foto: Philip Hofgaard / NRK– Dette er avtalar som ikkje blir lenger gjorde i Kommune-Noreg.
Årsaka er ifølge Johnsen at det er fleire tilbydarar i kø, og at kommunen må legge ut oppdraga på anbod om dei skal følge lova.
– Da er dei velkomne til å levere eit tilbod, seier ho til NRK.
Det er ingen løyndom at Larvik slit tungt økonomisk.
– Er billigast viktigast?
– Nei, billigast er ikkje viktigast. Vi skal sjå på moglegheitsrommet vi har her, og kanskje finne like gode løysingar som det finst i dag. Men vi må også sjå på økonomi. Vi har ikkje noko val i dagens kommunesektor.