Visste du at me ifølgje regjeringa er i gang med ei satsing på psykisk helse? I fjor vart opptrappings­planen for psykisk helse (2023-2033) lagt fram, ja du las rett, opptrapping. I tillegg har endringar i barnevernslova og tilhøyrande oppvekstreform pålagt kommunane å jobba meir førebyggjande. Dette skjer samtidig som Kommune-Noreg må kutta massivt i tenester.

Korleis skal me få til å kutta i budsjetta og samtidig verna om den psykiske folkehelsa?

Me jobbar som kommune­psykologar i ulike kommunar i Sunnhordland. I vårt daglege virke og i budsjettprosessar har me høyrt utsegn som «Me må sikra at me gir hjelp til dei som verkeleg treng det». Alle kan nikka på hovudet og vera samde i denne utsegna, men kven er det me eigentleg snakkar om då? Er det dei med flest psykiske vanskar, dei med mindre og moderate psykiske vanskar eller gjeld det ulike delar eller heile befolkninga?

I samtalane om kutt er det lett å tenkja at me droppar førebygginga og rettar fokus mot dei mest behandlings­trengande. Dette er eit feilgrep, for det vil berre føra til at endå fleire kjem til behandling - med problem me kunne unngått. Det er som å bevara tannlegevakta, men droppa tannpussen.

Psykiske lidingar er dei dyraste sjukdommane i landet. Det er ikkje dei mest alvorlege psykiske lidingane (til dømes schizofreni og personlegdoms­forstyrringar) som kostar samfunnet mest, men ganske vanlege utfordringar som angst og depresjon. I Noreg som i andre høginntektsland kostar det oss minst 340 milliardar kroner i året (Holte, 2024).Meir behandling kan ikkje redusera tapet. Helsefremjande og sjukdoms­førebyggjande tiltak er einaste vegen ut.

Misforstå oss rett! Me skal behandla dei som har psykiske lidingar, men me må også tenkja breiare. I den politiske debatten om psykisk helse snakkar me mykje om behandling, og det er der me har omstrukturert tenester og hatt fokus. Samtidig har ikkje talet på dei som slit med psykisk vanskar, vorte redusert.

«Behandlingstjenester produserer ikke helse, de reparerer den»

Psykisk helse kan definerast som vår evne til å handtera kjensler, tenkja fornuftig, styra åtferda vår og halda oppe gode relasjonar til andre. Grunnlaget for ei robust og godt fungerande psykisk helse vert etablert gjennom barndom, ungdomsår og i tidlegvaksenliv. Dei fleste psykiske lidingane startar også i dei ovannemnde livsfasane, derfor bør spedbarn, førskulebarn og skuleborn satsast på og blir skåna for økonomiske kutt. Førebyggjande innsats opp mot desse betyr tiltak som blir sett i verk før dei blir sjuke, for å forhindra at vanskane blir av alvorleg grad og behandlings­trengande.

I kommunane i vår region har me mange viktige førebyggjande tiltak som er heilt sentrale for å opparbeida eit godt psykisk immunsystem for befolkninga; helsestasjon, skule­helseteneste, tiltak retta mot gravide og kvinner i barsel, foreldre­rettleiingskurs og psykisk helsehjelp til foreldre som strevar. Dyktige pedagogar og pedagogiske medarbeidarar legg grunnlaget for omsorgen som vert gitt i barnehagane og på skulane. Kommune­psykologar, LOS, SLT, Utekontaktar, PP-rådgivarar, helsesjukepleiarar, foreldrerettleiarar og andre viktige bidragsytarar jobbar med undervisning og rettleiing inn mot barnehagar og skular for å styrkja dei tilsette i det viktige førebyggjande arbeidet som skjer på desse arenaene. Helsestasjon for ungdom og ulike sosiale treffstadar for ungdom er etablert i dei ulike kommunane for å kunna jobba med ungdom der dei er, i og utanfor skulen. Desse er alle dømer på universelle førebyggjande tiltak. Tiltak som er retta inn mot heile befolkningsgrupper for å redusera behovet for omfattande og kostbar behandling seinare.

«Jo tidligere vi investerer i psykisk helse, jo mer får vi igjen for pengene i form av god psykisk helse» (Heckman, 2006)

Psykisk helse er den viktigaste ressursen i landet, psykiske lidingar er dei dyraste sjukdommane i landet og sikring av god psykisk helse i befolkninga er Kommune-Noregs viktigaste innsatsområde.

Psykisk helse og -uhelse blir produsert der befolkninga til kommunane lever liva sine; i livmor, familien, barnehagen, skulen, vennekrinsen, kultur, idrett og på arbeidsplassen. Psykisk helsehjelp til foreldre er god førebygging for barn og unge! Lågterskeltilbod som gjer det mogleg for foreldre og par å ta tak i problema før vanskane får etablert seg til psykiske lidingar, er god førebygging også for barn og unge. Ved å rusta dei vaksne rundt barna; dei gravide, dei nyetablerte foreldra og tilsette som jobbar direkte og indirekte med barn, skapar me eit helsefremjande miljø for generasjonen som skal ta vare på oss når me blir eldre.

Så, kjære kommune­politikarar: Lat oss sitja på skuldrene dykkar når de skal kutta i kommune­økonomien med eit samuraisverd og sikra at kutta blir gjorde med rett presisjon. Me veit at kutt aldri er morosame, og at ingen går inn i politikken fordi dei gler seg til å skjera ned budsjett og seia opp tilsette. Me vil be politikarane i alle kommunane i Sunnhordland: Ikkje fjern førebygginga! I dei tronge økonomiske tidene me står overfor, vil det vera endå viktigare at alle i kommunen får verktøya dei treng for å ivareta seg sjølv. Å satsa på førebyggjande arbeid vil redusera kostnadane knytte til psykiske vanskar på sikt. Hugs å løfta blikket og sjå dagens kutt i eit større bilete.

La oss få behalda ressursane til å jobba helsefremjande og førebyggjande inn mot spedbarn, førskulebarn og skulebarn saman med nettverka sine.