Det er NRK som melder saka.

Psykiateren, som er avdelingsleiar ved Nordfjord psykiatrisenter og fagsjef i psykisk helsevern i Helse Førde, kom med skarp kritikk mot sine eigne då han nyleg vitna i Oslo tingrett i rettssaka der Inger-Mari Eidsvik har stemna staten for det ho meiner var ulovleg tvangsmedisinering då ho var psykotisk.

Aarre hevdar norske legar lener seg altfor tungt på effekten av antipsykotiske medisinar. Sjølv les han forskinga heilt annleis.

– Eg meiner det vitskaplege grunnlaget for vår vanlege praksis er skuffande svakt og at effekten av medisinar systematisk blir overvurdert. I den grad folk som ikkje vil det, blir utsette for behandlingar dei ikkje har nytte av og som kan vere skadeleg, er det eit svært problem, seier han til NRK.

1800 nordmenn blei tvunge til å ta antipsykotiske legemiddel i 2020, og det er ueinigheit om bruken i fagmiljøa.

Aarre peikte på ein samlestudie som visar at berre 23 av 100 har god effekt av medisinen, og han meiner det er eit paradoks at 14 av dei uansett ville ha blitt bra utan medisinering. Han meiner tvangsmedisinering berre er for desperate unntakssituasjonar, og der ingenting anna kan føre fram.

Aare sitt syn er også omdiskutert. Overlege og professor Erik Johnsen vitna også, og han seier at Aarre er respektert, men at han ikkje representer «mainstream norsk psykiatri», ifølge NRK.