Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Desember betyr for mange innetid, julekos og tente lys. Desember er òg tida der politikarane vedtek neste års budsjett. Øvst på ønskelista mi i år stod ein Akershusskule som bidreg til meistring, trivsel og læring.
Mange har tradisjon for å sjå det tysk-tsjekkoslovakiske dramaet «Tre nøtter til Askepott» på julaftan. Litt som Askepott opnar nøtt for nøtt på vegen mot å nå den store draumen sin, har også årets budsjett nokre nøtter på lur som bidreg til at elevane i Akershus når måla og ambisjonane sine.
Den første nøtta i budsjettet er det førebuande yrkesfagssemesteret. Av elevane på yrkesfag er det omtrent halvparten som ikkje oppnår fagbrev. Det er skremmande – både for ungdomane som hamnar på utsida, og for samfunnet som treng denne kompetansen.
Det blir no etablert eit førebuande yrkesfagssemester for dei som ikkje kjem seg inn i vidaregåande opplæring. Dette vil vere ei overgangsordning mellom ungdomsskulen og vidaregåande, med mål om å få fleire gjennom.
Allereie våren 2025 vil det starte opp eit tilbod i Follo-regionen for dei som ikkje kom inn, eller som fall frå heilt i byrjinga denne hausten. Ungdomane vil få eit tilrettelagt tilbod med skreddarsydde løysingar, slik at dei kan finne motivasjonen og tryggleiken dei treng for å ende opp med eit fagbrev i handa.
Den andre nøtta i budsjettet er utviding av psykisk helseteam. Me veit at stadig fleire elevar slit med psykisk helse, og manglande trivsel utgjer ei trussel mot meistringa deira.
Det er allereie tilsett ein koordinator ved Veiledningssenteret i region vest i Asker og Bærum, men med ein auke i årets budsjett vil det vere mogleg å tilsette ein koordinator i endå ein region.
Koordinatoren skal kartleggje og vere i dialog med skulane og hente inn kompetanse om psykiske utfordringar som støtte til skulane. Dette vil vere eit viktig bidrag til arbeidet med psykisk helse ute på skulane våre, noko som vil kome elevane til gode.
Den tredje nøtta er nysatsinga Mestringsverkstedet. Mestringsverkstedet er til for å hjelpe dei som elles ikkje kjem seg gjennom eit normalt opplæringsløp.
Det handlar om moglegheita til å prøve og feile, vere i trygge rammer og ta ansvar, med fokus på sosial læring og konsekvenspedagogikk.
Ikkje alle elevar passar i det ordinære utdanningsløpet, og desse elevane treng eit tilbot som er meir tilpassa dykk. Det vart sett av midlar til denne løysinga allereie i 2024, og no blir løyvingane auka for å få dette på plass i 2025.
Askepott får til slutt prinsen; elevane våre får forhåpentlegvis eit vitnemål eller fagbrev i handa. Det er bra for Akershusskulen at me har eit fylkesråd som prioriterer det viktigaste fyrst; og det er å sikre at fleire fullfører og består, og det gjer me med målretta tiltak som fremjar meistring, trivsel og læring og styrkjer laget rundt eleven.

Valg av videregående – helt fritt
Våre elever skal få hjelp når de trenger det
Les mer om: artikkelemnene