Ungdomsteamet er eit samarbeidsprosjekt mellom Voss herad, Røde Kors, Kirkens Bymisjon og Voss frivilligsentral.
– Me veit alle at psykisk uhelse er ei utfordring, ikkje berre for oss vaksne, men også for unge, seier dagleg leiar i Voss frivilligsentral Pernille Olafsen Mustad.
Kan bidra til å fjerna tabu
Gjennom føredraget «Motstand=Styrke – et brutalt ærleg føredrag om psykisk helse» skal TV-fjeset Adil Khan snakka om ungdom og psykisk helse for både ungdom og foreldre.
Mustad håpar føredraget kan bidra til at foreldre kan forstå ungdommane sine betre, og gjera dei litt klokare på korleis ein bør gå fram om ein har ungdom som slit, eller er bekymra for nokon rundt seg.
– Kanskje folk tenkjer at det er litt tabu å søkja hjelp?, undrar Mustad.
Under føredraget vil tilsette frå kommunepsykologane, skulehelsetenesta, organisasjonen Mental helse, politiet, Voss Gatebil og MC, Natteravn Voss og avdeling for psykisk helse- og rusarbeid i Voss herad vera til stades.
– Det å samla alle på ein plass kan bidra til å ufarleggjera, og gjera dei ulike tilboda meir tilgjengelege, trur Mustad.
Målet med kvelden er å informera foreldre om tilboda som eksisterer for ungdom, og kva som gjerast opp mot tematikken ungdom og psykisk helse i Vossebygda.
– Me legg det litt i hendene på foreldra, og rister dei litt. Foreldre stiller opp, men nokon gonger treng ein eigentleg å bli pirka litt borti, meiner Mustad.
Dette er ungdommane nøgde med
Kommunepsykolog Astrid Aunan er ei av dei som er med i ungdomsgruppa, og jobbar tett opp mot skulehelsetenesta i Voss herad.
– Korleis går det med ungdommen i bygda?
– Eg trur ikkje den psykiske helsa mellom ungdom på Voss skil seg veldig frå landssnittet, forklarar psykologen.
Ho viser til den nasjonale
– Me ser at dei med høgare
Når det kjem til fritid og forhold til foreldre, ligg Voss høgare enn landsgjennomsnittet, fortel kommunepsykologen.
– 9 av 10 ungdommar rapporterer at dei likar å vere med foreldra sine, forklarar Aunan.
Ifylgje undersøkinga har 47 prosent av dei 464 ungdommane som har svart frå ungdomsskulane, vore med på ein aktivitet ved ein fritids– eller ungdomsklubb det siste året.
Her er landsgjennomsnittet 30 prosent.
Slit med søvn
Kommunepsykolog Aunan er spesialist i barne- og ungdomspsykologi og jobbar inn mot ungdomsskular og vidaregåande skular i heradet. Det er spesielt ein ting ho har merka seg;
– Det er mange som strevar med søvn.
Ifylgje Aunan viser nyare forsking at ungdom i snitt søv ein time mindre per natt enn kva dei gjorde for femten år sidan.
Ho ser ei tydeleg kopling mellom søvn og livskvalitet.
– Me ser at dei som søv minst, også rapporterer om litt lågare livskvalitet.
Det er vanskeleg å ikkje trekkja ein parallell til mobil og skjermbruk, når me kjem inn på søvntematikken.
Som Aunan peiker på, ser ein også dette i tala frå undersøkinga.
Ungdata-undersøkinga viser at andelen ungdom i Vestland fylke som slit med søvnproblem, aukar i takt med kor mykje skjermtid dei har.
– Av dei som har meir enn seks timar skjermtid etter skulen, rapporterer 54 prosent av desse om søvnproblem, seier Aunan.
36 prosent av ungdommane som har meir enn seks timar skjermtid, svarar at dei sjeldan eller ikkje har kjent på meistring den siste veka.
Her må foreldra koma på banen, meiner kommunepsykologen.
– Mange unge ynskjer mindre skjermtid, men klarar ikkje å avgrensa seg. Dei ynskjer meir tydelege grenser i heimen når det kjem til skjermtid.
PS! Tysdag neste veke arrangerer Voss herad i samarbeid med FAU ved Tvildemoen barnehage og FAU ved Gjernes skule, foreldremøte om skjermbruk for barn i barnehage og barneskule, les meir om det her.
Dette uroar psykologen
Ungdata-undersøkinga avdekkjer at det er fleire område der Voss kjem dårlegare ut samanlikna med resten av landet.
Spesielt når det gjeld tematikken rusmiddel.
– Det som kan bekymra litt utifrå ungdata-tala på Voss, er at det er meir alkoholbruk på ungdomsskulane og vidaregåande enn i resten av landet.
65 prosent av dei 1160 elevane som har delteke i undersøkinga frå dei vidaregåande og ungdomsskulane på Voss, svarar at dei har vore rusa på alkohol det siste året.
Her ligg Voss godt over landsgjennomsnittet som er 59 prosent.
Psykolog Aunan er uroa for utviklinga. Spesielt når det gjeld tala ved ungdomsskulane.
Her viser undersøkinga fylgjande:
I 2016 opplyste tre prosent av ungdommane ved ungdomsskulen at dei hadde vore rusa det siste året, i 2019 var talet 13 prosent, før det i 2021 var ein dupp ned til 10 prosent.
I 2024 derimot, svarte heile 19 prosent at dei hadde vore rusa på alkohol det siste året.
– Eg tenkjer det er høge tal. Det vert jobba godt i heradet gjennom ruspolitisk handlingsplan og med rusførebyggjande arbeid i
Psykisk helse
Når det gjeld spørsmåla som går på psykisk helse i ungdata-undersøkinga ser ein at det er ein liten nedgang i ungdommar som svarer at dei har kjent seg ulukkelege eller einsame.
Går ein inn i dei konkrete svara i undersøkinga under psykisk helse, er det spørsmålet om bekymring som tydeleg markerer seg.
Godt over halvparten av jentene både ved ungdomsskulane og vidaregåande melder om at dei har bekymra seg for mykje den siste veka.
Gutane ligg et godt stykke under, med høvesvis 21 prosent og 30 prosent.
– Så det er mange som bekymrar seg, og mange kjenner at alt er eit slit, kommenterer Aunan.
– Men ein må ikkje ut frå dette seia at det går mykje verre med jentene enn med gutane, legg psykologen til – og opplyser om at ein ser ein kjønnsskilnad med tanke på korleis gutane rapporterer.
Må normalisera opp– og nedturar
Så, kva bør eigentleg gjerast for å møta utfordringane som resultata av ung-undersøkinga viser?
Kommunepsykologen peikar spesielt på to ting;
Å styrkja foreldrerolla, og å driva førebyggjande arbeid i form av å læra ungdommane om tankar og kjensler.
Aunan understrekar at det er mange som ynskjer og treng hjelp, men at systemet og helsevesenet ikkje er rigga til å ta imot alle med individuell hjelp.
– Det er så mange som søkjer individuell støtte og me har ikkje kapasitet. Eg har sterk tru på å jobba meir på gruppenivå.
Aunan viser til undervisningsopplegg ho saman med helsesjukepleiarar har hatt for ungdomsskule og vidaregåande med fokus på normalutvikling, og korleis ungdommen sjølve kan ha fokus på å gjera gode val med omsyn til søvn, rutinar, kost, trening, relasjonar og rus.
– Her snakkar me om at det er vanleg å kjenna seg litt «både og» og at livet svingar. Altså å normalisera livet sine opp– og nedturar.
Ho trekkjer fram at folkehelse og livsmeistring no er vorte ein del av læreplanen, og dette i utgangspunktet skal gjennomsyra alle faga på skulen.
– Lærarane kan her kjenna at eit stor ansvar er lagt på dei, så det er viktig skulehelseteneste og andre kommunale instansar her kjem inn og støttar skulen.
Styrkja foreldrerolla
Fleire gonger under intervjuet kjem me innom forventningane og dei høge krava som foreldre kan kjenna på i dag.
Psykologen trur leiar for frivilligsentralen på Voss Pernille Olafsen Mustad, har rett når det kjem til at det kan kjennast litt skummelt for foreldre å be om hjelp.
– Eg trur det er mindre tabu enn det var før, men at mange framleis kjenner på ein bøyg der, altså. Men eg trur at ved at me tematiserer og gjer det meir alminneleg og normalt å kjenna at det er utfordrande, så blir terskelen lågare.
Ho understrekar at alle ungdomsforeldre nok kjenner på utfordringar til tider. Difor vert det viktig å støtta opp under foreldrerolla.
– Det er høge krav til ungdommen i dag, men det er jaggu høge krav til foreldre òg. Så «good enough parenting» må me framheva, at me er rollemodellar der og, seier Aunan litt lattermild før ho legg til;
– Om me skal driva verdsmeisterskap i å vera superforeldre, så er me ikkje gode rollemodellar ovanfor ungdommane som kjenner på eit vanvitig press, heller.
Vil halda fram med inspirasjonskveldar
Måndag er det klart for inspirasjonskveld i Gamlekinoen om nettopp ungdom og psykisk helse, og gjengen i ungdomsgruppa har framover eit mål om å arrangera slike kveldar ein gong i året.
– Me hadde ein inspirasjonskveld i fjor, og det var så utruleg gode tilbakemeldingar på det, seier leiar for Voss frivilligsentral Pernille Olafsen Mustad.

Vil hjelpa foreldre å forstå ungdom betre: – Det er fantastiske ungdomar her i bygda
Ettersom målgruppa er ungdom, og det etter barneskulen ikkje er like mange arenaer der foreldre kan møtast – trur Mustad det er viktig å skapa ein felles møteplass for foreldre.
– Det er mykje snakk om mental helse, og eg trur kanskje at foreldre kan kjenna på å sitja litt på utsida med tanke på korleis ein kan nå inn til ungdommen sin.
Mustad gjer det klart at inspirasjonskveldane dei arrangerer, ikkje kan gjera underverk for all ungdom.
– Men det kan forhåpentlegvis gje foreldre moglegheita til å forstå ungdommen, og ikkje minst seg sjølve betre.
Les meir om: artikkelemnene
Kommentarer til denne saken