Helseføretaket i Møre og Romsdal har lenge slite med lange ventetider for barn og unge som skal ha hjelp i psykiatrien.
No har dei klart å korte dei ned, men det er ikkje godt nok, meiner Felix Baldauf frå Bror Mental Helse.
– Terningkast to frå terningkast éin er også forbetring, men det er framleis dårleg, seier han.
– Ein drope i eit vassglas
Frå september til desember i fjor gjekk ventetida ned frå 106 dagar til rundt 70 dagar for barn og unge som skal ha psykisk helsehjelp i Møre og Romsdal.
Likevel er dette den lengste ventetida for barn og unge i heile landet.
Baldauf meiner ein må prioritere annleis for å få ventetidene ned.
– Det blir bygd vegar, bruer og infrastruktur, men ein tar ikkje vare på den viktigaste ressursen, nemleg ungdommen vår. Det er dei som skal bygge dei vegane om 10, 15 og 20 år, men dei kan ikkje det, for dei er sjukmelde fordi dei ikkje blei tatt vare på når dei trong det.
Styremedlem i Mental Helse Møre og Romsdal, Lasse Alexander Olsen Honningsvåg, vil heller ikkje juble for høgt.
– Det er ein drope i eit vassglas, seier han.
Han fortel at mange av dei som spør om hjelp ofte allereie har venta lenge fordi det er eit stort steg å tore å spørje.
– Så får du beskjed om at dei ikkje kan ta deg inn på to–tre månader. Du blir ikkje friskare av å vente.
Glad for å vere i gang
Jenny Raftevold Lyngstad, som er avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, er einig i at ventetidene framleis ikkje er optimale.
– Det er ikkje terningkast seks, enda, seier ho.
Men ho fortel at dei har jobba hardt for å få ventetida ned dit den er i dag.
– Vi har tilsett mange nye folk, og så har vi mange erfarne tilsette som har gjort ein ekstra innsats for å ta ned ventelister og ventetider, seier ho.
Jenny Raftevold Lyngstad, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal er glad for at dei er på rett veg når det gjeld ventetider.
Foto: Tore EllingseterVentetida skal også bli enda kortare. I fjor lanserte regjeringa «Ventetidsløftet» som skal redusere ventetidene for både psykisk og fysisk helsehjelp. Prislappen er på 2 milliardar kroner.
Det er også sett nokre langsiktige mål om kor lenge ein skal måtte vente:
- 35 dagar i psykisk helsevern for barn og unge
- 40 dagar i psykisk helsevern for vaksne
- 30 dagar for rusbehandling
- 50 dagar i somatikk
Lyngstad er tydeleg på at dei vil fortsette arbeidet med å få ventetida kortare. Ho trur også at etableringa av blant anna fleire lågterskeltilbod i kommunane vil vere eit viktig tiltak for at barn og unge skal få så rask hjelp som mogleg.
– Det er mykje som står att, men vi er i gang og det er vi glade for, seier Lyngstad.
Prioriterer psykisk helse
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng, fortel at regjeringa jobbar med fleire tiltak for å få ventetidene i landet ned.
– Vi har ein prioriteringsregel om at ressursbruken på psykisk helsehjelp skal auke med meir enn ein aukar med til andre ting i budsjettet.
Karl Kristian Bekeng seier at Helse Møre og Romsdal har fått øyremerkte midlar for å ta ventetidene ned.
Foto: Frode Meskau / NRKHan legg til at dei no har det største sjukehusbudsjettet sidan 2008 for at ventetidene skal gå ned.
– Men kvifor må ein vente så lenge på å få psykisk helsehjelp?
– Noko kan handle om at det er eit stort etterslep etter pandemien, og at pandemien i seg sjølv har gjort at fleire barn og unge søker om psykisk helsehjelp, svarar han.
Bekeng trur Helse Møre og Romsdal kan nå det nasjonale kravet i løpet av året dersom dei fortset arbeidet som dei har gjort til no.
Kompisane Felix Baldauf og Even Karpuz er dei som har sett i gang Bror Mental Helse.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKBaldauf har lenge engasjert seg i psykisk helse. I 2023 vann Bror inkluderings- og mangfaldsprisen i Møre og Romsdal for å ha sett menn og gutar si mentale helse på dagsorden.
Han er skuffa over at unge framleis må vente lenge på hjelp, men er glad for at ting ser ut til å gå rette vegen
– Det er jo ein prosess, og ein må gi det tid. Så eg gir menneska som har gjort dette mogleg all ros eg har, for det er fantastisk jobba, seier han.