Han var sjukemeld i over eitt år – slik klarte han å kome tilbake
Då legen spurte Henrik Skjørstad (33) «korleis har du det eigentleg?», knakk han saman.

– Eg gjekk nok litt for lenge utan å eigentleg lytte til kva kroppen gav beskjed om. Vi skal jo helst ikkje slite med sånt, oss mannfolk.
Henrik Skjørstad (33) er del av ein dyster statistikk. Stadig fleire unge blir sjukemeld på grunn av psykisk helse.
I 2023 stod psykiske lidingar for rundt åtte millionar tapte arbeidsdagar i Noreg.
– Det er lett å seie at folk berre må ta seg saman, men det hjelper ingen, seier Skjørstad.
Braut saman
For et par år sidan møtte Henrik Skjørstad veggen, etter å ha stått i ein krevjande jobb over lang tid.
Han hadde vore sliten og nedstemt over ein lengre periode. Men det var ryggsmertene som til slutt fekk han til å oppsøke lege.
Særleg eitt spørsmål frå legen, var avgjerande for at han fekk hjelpa han trengde: «Korleis har du det eigentleg?»
– Då braut eg saman. Det var vel første gong eg innsåg at det var noko anna enn berre at eg hadde vondt i ryggen.
Skjørstad blei sjukemeld frå og med den dagen. Han var ute av jobb i over eitt år.
Nytt forskingsprosjekt
Det er nettopp slike som Henrik Skjørstad, at forskarane på Solli DPS i Bergen ønskjer å nå ut til.
– Dette er ein del av framtida, seier Henning Monsen, og viser fram programmet han har vore med å utvikle.
Monsen er teamleiar og doktorgradsstipendiat i eBehandling på Solli DPS i Bergen.
No er dei blant dei første i verda som vil tilby digital, jobbfokusert terapi til pasientar i spesialisthelsetenesta.
Målet er å gjennom behandling hjelpe fleire sjukemelde tilbake i jobb, og samstundes avlaste ei pressa helseteneste.

Dystre tal
Sjukefråværet i Noreg har ikkje vore høgare på 15 år. Særleg sjukefråværet grunna psykisk uhelse, aukar.
Samstundes er presset på helsetenestene stort.
– Helsetenestene er veldig pressa. Både når det kjem til tid, ressursar og pengar. Vi er nøydde til å ta nokre grep, utan at vi mistar effekten av behandlinga, seier Monsen.
– Der har dette tilbodet verkeleg ein plass, all den tid digital behandling er like verksam som tradisjonell psykologisk behandling.
Fokus på arbeid
Gjennom det nyutvikla programmet, får pasientane digital behandling og jobbfokusert terapi, i tett dialog med ein behandlar undervegs.
Det skjer gjennom ei rekke digitale kapittel.
Pasienten får informasjon, oppgåver dei skal svare på og psykologiske behandlingsverktøy dei skal trene på å ta i bruk.
– Ein ser på kva sider av jobben som er vanskeleg i situasjonen dei står i, og kva sider av jobben som er bra for dei. Då veit ein betre kva som er viktig å behandle og korleis ein skal tilpasse arbeidssituasjonen, seier Monsen.
Monsen seier dei allereie har fått tilbakemelding frå pasientar om nytte av behandlinga.
– Vi har sett at folk kjem raskare tilbake i jobb, samstundes som dei får hjelp med sine psykiske lidingar, seier Monsen.

Slik vil han fikse sjukefråværet vårt
Hjelp kvar som helst
Programmet er heilt i startfasen, og er så langt rulla ut i Helse Sør-Aust. Snart skal det også takast i bruk i Helse Vest. Planen på sikt er å tilby behandlinga i heile landet.
Dei håpar den digitale løysinga vil avlaste ei pressa helseteneste, og dessutan redusere det han kallar «postkodeurettferd».
– Det betyr at alle kan få tilgang på det same behandlinga, uansett om dei bur i Bergen eller i Finnmark der ein har tre timars reiseveg for å kome til behandlaren sin.
Han meiner digital behandling vil vere ein stor del av framtida.
– Det kan gjere at pasientane får raskare tilgang på behandling og at behandlarane kan jobbe med fleire pasientar samstundes. Det er positivt for pasienten og for samfunnet.
– Komplekst
For Henrik Skjørstad var det ein lang prosess for å kome seg tilbake i jobb.
Først måtte han vedgå at han var nøydd å ta nokre grep, og å ta tida til hjelp.
– Det var ein skikkeleg nedtur å hamne i den situasjonen. Det var eit stort nederlag personleg, seier Skjørstad.
Etter eitt år byrja han med arbeidsprøving gjennom Nav. Etter kvart tok han ny utdanning, og fann seg ein ny jobb der han trivest betre. No jobbar han 100 prosent.

For han var det viktig å begynne i det små og jobbe seg tilbake.
– Eg tenker at livet blir ikkje enklare av å sitte heime åleine med tankane. Det er det som er så komplekst med psykisk helse. Ein klarar ikkje vere på jobb, men det er eigentleg det ein treng.
Han meiner difor opplegget med arbeidsfokusert terapi høyrest ut som ei god tilnærming, viss det kan rettleie folk til å finne ut kva som fungerer og ikkje fungerer for dei.
– Eg trur at det er essensielt at ein lagar opplegg som er lett å tilpasse det enkelte individ. Eg opplever ikkje at systemet i dag legg i stor nok grad til rette for det.