Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Vi i FAU ved Fotlandsvåg skule ønskjer å uttrykkje vår bekymring og frustrasjon over dei siste hendingane som har oppstått rundt planane om å sende barna våre til Lonevåg skule i åtte veker.
Dette tiltaket kjem som eit resultat av ein vanskeleg bemanningssituasjon. Vi meiner at dette er ei løysing som ikkje tek barna sitt beste med i vurderinga.
I kveld har vi i FAU sete fleire timar i telefonsamtalar og funne fleire alternativ og sendt inn minst éi søknad for å hjelpe til i denne situasjonen. Vi har også hatt samtalar med kompetente personar, inkludert lærarar frå andre skular som har uttrykt vilje til å steppe inn i løpet av dei åtte vekene.
Vi er forundra over at skuleleiinga hevdar at dei har «snudd på kvar stein» for å finne kvalifisert hjelp. Fleire lærarar frå andre skular, som ikkje har fått nokon førespurnad om hjelp, er forbløffa over at ikkje fleire alternativ har blitt vurderte. Det er uforståeleg at ingen andre løysingar har blitt funne, når det finst kompetente personar som er villige til å bidra.
Kvifor er ikkje desse søknadene utlyste? Vidare verkar det som om det er meir fokus på det ubehaget som kan oppstå for to tilsette, ved å bli midlertidig overførte til Fotlandsvåg skule, enn på korleis dette vil påverke dei nesten 50 elevane som risikerer å bli send til ein ny skule midt i skuleåret.
Kva slags psykisk og emosjonell belastning vil det påføre barna våre ikkje å vite om dei har eit fast skulemiljø å vende tilbake til hausten 2025?
Skuleleiinga seier dei ønskjer barna sitt beste, men vi foreldre meiner at dette ikkje er til barna sitt beste. Å sende barna til ein ny skule midt i skuleåret vil ha ein negativ påverknad på både læring, trivsel og mental helse.
Vi har også sett at dugnadsånda er sterkt til stades blant oss foreldre; vi stiller opp, og det veit skulen. I ein slik situasjon er det viktig å sjå moglegheiter. Foreldra ønskjer å bidra til barna sitt beste.
Det som gjer oss endå meir frustrerte, er at vi som foreldre ikkje blei informerte om dette før på det ekstraordinære foreldremøtet som blei halde måndag kveld. FAU har heller ikkje fått vere med i diskusjonane eller fått ei reell moglegheit til å påverke avgjerdene. Vi føler oss lurte og utelatne i ein prosess som påverkar framtida og kvardagen til barna våre.
Når det er sagt, veit vi at dei tilsette jobbar mykje med å tryggje barna og gi dei den tryggleiken og lærdommen dei treng. Det er flotte tilsette, frå rektor, lærarar og SFO-tilsette, og vi ønskjer også at dei skal halde fram med den gode jobben dei gjer ved Fotlandsvåg skule.
Vi fryktar at denne midlertidige flyttinga kan bli permanent til hausten, til trass for at dette ikkje har blitt klart kommunisert. Vi ønskjer ikkje at barna våre skal miste sitt skulemiljø og den tryggleiken som Fotlandsvåg skule gir dei. Det er på høg tid at vi som foreldre, saman med skulen, finn løysingar som er i tråd med barna sitt beste.
Vi reagerer også på at det i saksframlegget til heradsstyret ikkje er skrive noko om skulen sine sterke sider; dette er viktig i rekrutteringsarbeidet. Vi veit at vi har brei støtte i lokalsamfunnet, og skulen er svært viktig for alle i Fotlandsvåg. Forslaget om midlertidig flytting av elevane skapar uro og frustrasjon. Fotlandsvåg skule treng ro no, ikkje fleire opprivande overraskingar.
Hege Bruvik, FAU-leiar ved Fotlandsvåg skule