Lærings- og meistringssenteret klinikk psykisk helsevern Helse Fonna HF har i fem år arrangert pasient- og personalundervisning ved Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Tilbodet er i dag godt innarbeid og har god deltaking.
Forfatter av dette praksiseksemplet er Aase Borgen Haktorson, psykiatrisk sykepleier, LMS psykisk helsevern Helse Fonna HF
Teksten et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og NK LMS (Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring.) i 2013.
Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike ærings- og mestringstilbud.
Serie: I perioden november 2013 - februar 2014 publiseres tekstene på Naphas kunnskapsbase Psykiskhelsearbeid.no under temaet Læring og mestring og på NK LMS' nettsted mestring.no.
Tilbodet med pasient- og personalundervisning ved Valen sjukehus og Folgefonn DPS (distriktspsykiatrisk senter) vart starta i samarbeid med ergoterapiavdelinga ved sjukehuset og marknadsført som ein del av deira tilbod. Fyrste året var det enkeltståande undervisningar der ein fekk innpass på tider det allereie var anna aktivitet for å sikre deltaking.
Då tilbodet vart utvida, måtte me òg gjere noko med tidspunktet. Ein forstod at dersom det skulle bli noko som «rullar og går» med ein fast frekvens, så måtte det ha sitt eige tidspunkt. Her var det mange omsyn å ta. Middagstider på dei enkelte postane var eitt av dei. Eit anna var om postane hadde tilgjengeleg bil; då måtte utflukter prioriterast. Tilbodet måtte heller ikkje kollidere med andre aktivitetar i regi av ergoterapien. Etter at så mange variablar som mogleg var blitt tatt omsyn til, fall valet på onsdagar i oddetalsveker som eit fast tidspunkt for undervisning på Valen. Dette tidspunktet er no godt innarbeidd.
Det er behandlar og personalet ved postane som vurderer om den enkelte er i stand til å nyttiggjere seg av undervisningstilbodet. Det har vist seg at personalet ved posten og aktivitør/ergoterapeut ved den enkelte avdeling, er viktige støttespelarar i marknadsføringa av tilbodet. Dei er ein svært viktig samarbeidspartnar for å få med pasientar som aldri har delteke tidlegare. For mange pasientar som er innlagt i døgnpost, er det vanskeleg å vite kva av alle aktivitetar dei skal delta på. Undervisning er for dei fleste ein frivillig aktivitet. Det kan då vere lett å seie nei til noko ein er usikker på kva er. Personalet ved posten oppfordrar pasientar som dei meiner kan nyttiggjere seg av undervisningstilbodet, til å delta. Dei snakkar om kva som er temaet neste onsdag og held dette varmt.
Tema i undervisninga spenner vidt (sjå faktaboks). Det varierer også om innlegga vert halde av brukarar, fagfolk eller i kombinasjon. Det vert sett opp ny plan for undervisninga vår og haust. Ein del foredrag går igjen semester etter semester, medan det heile vegen er ynskje om nye tema som ein prøver å få til.
Forelesarar frå brukarsida vert rekruttert frå Folgefonn DPS sitt brukarråd eller nettverk av erfaringsformidlarar knytt til lærings- og meisringssenteret (LMS) klinikk psykisk helsevern Helse Fonna HF. Fagpersonar har stort sett vore rekrutterte frå sjukehuset eller DPS. Innimellom vegrar fagpersonar seg for oppdrag av årsaker som stort arbeidspress, då dei må førebu seg i ordinær arbeidstid. Etter å ha prøvd seg, ser dei fleste likevel på dette arbeidet som meiningsfullt, utfordrande og ein god måte å få brukt fagkunnskapen på. Kvar undervisningsøkt vert evaluert av deltakarane. Her får ein tilbakemelding på forelesar, nytte av tema, forslag til nye tema og andre kommentarar. Denne vart sendt til foredragshaldarane som får tilbakemelding slik at dei heile vegen kan forbetre seg og utvikle undervisninga.
Brukarrådet ved Folgefonn DPS vart tidleg ein aktive part. Dei gav innspel på tema og fekk tilbakemeldingar på evalueringane. Særleg har dei vore opptekne av å få brukarstemma inn i undervisninga og at erfaringskompetanse vert delt. Desse undervisningane har ofte vore svært godt evaluert. Når det gjaldt organisering, gav brukarrådet innspel om å sikre tilbodet eit tidspunkt der flest mogleg kunne komme. Tema som kosthald, fysisk aktivitet og livet etter utskriving frå institusjon, er òg sett på planen etter tilbakemelding frå brukarrådet.
Frå starten har undervisninga vore kalla pasient- og personalundervisning. Undervisninga er spesielt retta mot pasientar, men ein ynskjer og at personalet er med. Lærings- og meistringssenteret (LMS) har ikkje som oppgåve å drive opplæring av tilsette, men evalueringar og munnlege tilbakemeldingar viser at tilsette, og særleg studentar, har utbytte av undervisninga. Pasientar og personalet har òg moglegheit til å høyre og oppleve ny kunnskap saman. I tillegg sikrar ein at det er fleire å spørje dersom det vert missforståingar eller noko er uklart av det som har vore undervist om.
Målsettinga er å gi den opplæringa det er behov for til pasientane akkurat når dei treng det. Med ein oppsett plan for undervisning i gruppe er det vanskeleg. Alle har forskjellige behov, både når det gjeld tema, korleis sjukdomen er og andre ting i livssituasjonen. Med å invitere både pasientar innlagt i sjukehus og på DPS og dei som får poliklinisk behandling, ynskjer ein å treffe flest mogleg på eit eller anna stadium i behandlingsforløpet der han eller ho kan nyttiggjere seg av undervisninga.
Lærings- og meistringssenteret (LMS) har organisatorisk og administrativt ansvar for tilbodet. Vi får tak i forelesarar, set opp semesterplan, lagar plakat og sender ut påminning på e-post. LMS er som ein edderkopp i systemet. Vi syr tilbodet saman. For nye erfaringsformidlarar tilbyr LMS rettleiing når dei skal skrive foredrag. Denne kontinuiteten i organiseringa og at ansvaret er éin plass, har vore ei viktig brikke for å innarbeide tilbodet. Forelesarane får eit tidspunkt der dei møter opp med det dei skal forelese om – alt anna tek LMS seg av.
Forfatter av dette praksiseksemplet er Aase Borgen Haktorson, psykiatrisk sykepleier, LMS psykisk helsevern Helse Fonna HF
Teksten et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og NK LMS (Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring.) i 2013.
Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike ærings- og mestringstilbud.
Serie: I perioden november 2013 - februar 2014 publiseres tekstene på Naphas kunnskapsbase Psykiskhelsearbeid.no under temaet Læring og mestring og på NK LMS' nettsted mestring.no.
– Veldig få kommuner har en strategi for å beholde seniorer i arbeid. Her er det en jobb å gjøre.
– Norge får flere eldre og færre yngre og vil komme til å mangle arbeidskraft. Men mye kan gjøres, for å forebygge dette.
– Flere enn vi har trodd har nytte av bare en time. Det er lett å ta kontakt via portalen på kommunens nettside
Hva er egentlig forsvarlig psykisk helsehjelp, og hva er uforsvarlig? Dette var ett av temaene på en ledersamling i Lillestrøm nylig
– Vi har ryddet i tilbudene, slik at det skal bli enklere for de som bor her i kommunen å bruke oss
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforsking AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på napha.no?