Samhandling og kompetanseheving - korleis få det til?

Samhandling og kompetanseheving - korleis få det til?

Publisert: 26. februar 2015

Korleis få eit prosjekt over til ei varig ordning? Korleis få folk frå å sitte på kvar sine nes og sjå i kvar sine retningar, til å samhandle?

lenke5

RAPPORT: Brit-Marie Follevåg har sett på faktorer som fremjar samhandling og kompetanseheving (Foto: Brit-Marie Follevåg)

RAPPORT: Brit-Marie Follevåg ...
Prosjekt "Samhandlingsnettverk innan helsetjenester"

Skal ha fokus på utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Prosjektet tok til i januar 2011 og varte til august 2012. Tolv kommuner deltok: Askvoll, Fjaler, Naustdal, Solund, Bremanger, Gaular, Høyanger, Førde, Flora, Jølster, Balestrand og Hyllestad.

Kommunane gjekk saman om å søke om finansiering til prosjektet, der målet var å kome i gang med planarbeid for å imøtekomme statlege krav.

Effektmåla var: Bidra til politisk og administrativ forankring, bidra til semje om kva område helsetjenestene skal inngå interkommunalt samarbeid om, bidra til å setje i verk konkrete samarbeidsprosjekt innan prioriterte områder.

Litt om samhandlingsreforma

Gjennom samhandlingsreforma vert det lagt større vekt på førebygging av sjukdom, tidleg intervensjon, tidleg diagnostisering, behandling og oppfylging. Kommunene har fått større ansvarsområde og nye utfordringar.

Samhandlingsreforma har både pasientperspektiv og økonomisk perspektiv som utgangspunkt for målsettinga. Pasientar skal få koordinerte tenester, og ressursar skal nyttast på effektivt vis. Pasientforløp skal vere prega av heilskapleg innsats i tenesteytinga. Ei utfordring er å utarbeide system som er retta inn mot heilskapen.

Samhandling er hovudtema, som rettar seg inn mot individnivå, systemnivå og fagnivå.

Samhandling

Definisjon i Stortingsmelding nr 47:

"Uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå felles mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte"

(St.meld 47. 2008-2009, s 13).

Brit-Marie Follevåg (Foto: privat)

Mer om

kompetanseutvikling organisering.av.tjenester samhandling prosjektrapporter

Les også

Ingen treff...
Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen