Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Vi inviterer både brukarar, praktikarar, studentar, forskarar, politikarar og leiarar til ein open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein ressurs i kvardag og klinikk.
Konferansen er tverrfagleg og inneheld plenumssesjonar, plakatpresentasjonar (posterutstilling) og parallellsesjonar. Bidraga byggjer på forsking, praksiserfaring og/eller brukarerfaring. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!
Temaet speler på tittelen til rapporten Musikklandet, ei offentleg utgreiing med anbefalinger om framtidas musikkpolitikk og med tydelege forslag til tiltak for oppskalering av norsk musikkterapi (NOU 2025: 7 (ekstern lenke)).
Korleis ser det norske «musikkterapilandet» ut i dag, i lys av lokale og nasjonale moglegheiter og utfordringar? Bidrar musikkterapi til fellesskap og kulturell beredskap? Gjer musikkterapi ein forskjell i møte med helseutfordringane i samfunnet? I kva grad speglar norsk musikkterapi mangfaldet i landet vårt?
Følg lenkene nedanfor for å sjå programmet for dei ulike arrangementa.
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforskning AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på Napha.no?