Psykomotorisk behandling tar sammenhenger mellom kropp, tanker og følelser på alvor.
PÅVIRKER: Negativt sjølvfokus gir kroppslege reaksjonar, som over tid resulterar i smerter. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no.
PÅVIRKER: Negativt sjølvfokus gir kroppslege reaksjonar, som over tid resulterar i smerter. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no.
I et innlegg i Rehabavisa til Voss lokalsjukehusområde, beskriver Inger Anita Herheim hva som kjennetegner psykomotorisk behandling. Herheim er spesialist i psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi.
Denne avisa er ei informasjonsavis om rehabilitering for Voss Lokalsjukehusområde. Den er utgjeven av avdeling for rehabilitering, læring og mestring ved Voss Sjukehus.
Elin går andre året på vidaregåande og slit dagleg med sterk hovudverk og smerter i nakke, skuldrene og langs ryggen. Ho har periodevis sterke mageknip, søv dårleg og synes det er vanskeleg å konsentrera seg på skulen. Ho kjenner seg motlaus og veit ikkje om ho orkar å gå på skulen lenger. Fråværet er alt vorte to-tre dagar i veka, og både lærarar og foreldre har gitt uttrykk for at ho må skjerpe seg.
Elin har store muskelspenningar i heile kroppen, og greier ikkje å sleppe desse spenningane sjølv om ho ligg på benken. Ho kjenner ikkje sjølv at ho spenner seg. Ho pustar høgt oppe i brystkassa og seier det er umogeleg å puste med magen. Ho seier at ho knapt kan registrere at ho ligg på benken.
Når ho sit på ein krakk synk ho anten saman eller overstrekkjer ryggen. Ho synes det er slitsamt å sitje og finne god stilling. Når ho har stått nokre minuttar begynnar ryggen å verke, og det vert vanskeleg å finne god stilling å stå i. Ho står ustøtt på ein fot og må feste blikket på eit bestemt punkt for å balansere. Elin står med mest tyngde på hælane, er rak og stiv i ryggen og skyt nakken fram.
Under samtalen kjem det fram at Elin vart erta i småskulen. Ho hang litt etter i skulearbeidet og har alltid kjent seg litt mindre verdt enn andre. Ho har takla desse kjenslene ved å yte sitt beste, vere grei og stille opp for andre. På den måten har ho beskytta seg mot kjenslene av å ikkje vere god nok.
Etter at ho byrja på vidaregåande har kjenslene av å ikkje vere god nok forsterka seg i slik grad at ho ikkje vågar å seie noko. Ho løyser dette ved å vere mest mogeleg usynleg i klassen, og aller helst berre vere heime på rommet.
Frå tidleg barneskuleår har Elin brukt masse muskelkrefter på å halde negative kjensler på avstand. No kjem dette til uttrykk som smerter i kroppen, søvn- og konsentrasjonsvanskar. I møte med psykomotorikaren har Elin fått innsikt i korleis negativt sjølvfokus gir kroppslege reaksjonar, som over tid resulterar i smerter.
Me har gått igjennom konkrete situasjonar der Elin beskreiv korleis ho reagerte kjenslemessig og kroppsleg, og kva ho tenkte i situasjonen. I samtalen har me undra oss saman om det kan vere andre måtar å forstå eller tolke den konkrete situasjonen på.
Elin har hatt heimeoppgåver der ho testa ut den nye måten å handtere samspel med andre på. Det har til dømes vore at i staden for å bruke kreftene på å gjere seg usynleg i klassen, har ho hatt fokus på kva læraren seier.
Ho har trena på å tenkje at ”dette kan eg”, rekkje opp handa og svare i staden for å tenkje at ”det er sikkert feil, eg dummar meg ut”. Me har gått igjennom korleis ho meistra oppgåvene, og om ho reagerte annleis i kroppen og kjenslene. På den måten har Elin fått erfaring på at negativt tankemønster gir reaksjonar i kropp og kjensler.
Samtidig arbeidde me med å frigjere muskelspenningar slik at Elin fekk friare pust, mindre kroppsverk og betre kroppskontakt. Me arbeida også med små, lette øvingar for å få tak i dei indre, stabiliserande musklane i heile ryggen, frå bekken til nakke.
Elin fekk etter kvart betre balanse i sitjande og ståande, smertene roa seg, ho kjente seg meir energisk, fekk betre søvn og konsentrasjon. Ho fekk betre kontakt med korleis ho beskytta seg mot usikkerheiten ho følte i lag med andre.
Ho kjenner fortsatt uroen krypande langs ryggraden, men den får ikkje overtaket lenger. Ho har lært at motoren for dei kroppslege og kjenslemessige symptoma er dei negative automatiske tankane, og at tankane er farga av kva grunnoppfatning ho har av seg sjølv. Ho har vorte tryggare på seg sjølv.
Liknande historiar går igjen i alle alderstrinn, på tvers av yrker og kroniske sjukdommar. Kroppen vår svarar på belastning me utset oss for via smerter og trøyttheit.
Ved å undre oss og vere kloke saman, kan me finne motoren som gjer oss sjuke, og kronisk sjuke endå meir sjuke.
Kroppskontakten, kjensler, tankar og handlingar operar i lag i eit fantastisk samspel. I møte med psykomotorikaren kjem du i kontakt med dette samspelet.
Det einaste du treng er viljen til endring. Gjer du det du alltid har gjort, so får du meir av det du alt har. Alle vert betre i det dei øver seg i.
Strie straumar
eg er so usigeleg trøytt
av å kave meg oppover
den strie elva
eg har berre lyst å
lata meg flyta med
i ein båt med årer og redningsvest
i lag med ein likemann
som kan hjelpa meg
å halda styringa saman med meg
kjempa med straumen i fellesskap
og saman kome gjennom
dei vanskelege og farlege partia
ned, der elva munnar ut i rolegare straumar
og me kan gjere det igjen og igjen
utan å øydeleggje kvarandre
me kan vekse oss sterke saman
(Inger Anita Herheim)
– Veldig få kommuner har en strategi for å beholde seniorer i arbeid. Her er det en jobb å gjøre.
– Norge får flere eldre og færre yngre og vil komme til å mangle arbeidskraft. Men mye kan gjøres, for å forebygge dette.
– Flere enn vi har trodd har nytte av bare en time. Det er lett å ta kontakt via portalen på kommunens nettside
Hva er egentlig forsvarlig psykisk helsehjelp, og hva er uforsvarlig? Dette var ett av temaene på en ledersamling i Lillestrøm nylig
– Vi har ryddet i tilbudene, slik at det skal bli enklere for de som bor her i kommunen å bruke oss
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforsking AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på napha.no?