Psykiater og avdelingsleder ved Nordfjord Psykiatrisenter Trond Aarre retter i denne kronikken søkelyset på ventelistene i psykisk helsevern.
Aarre hevder at ventelistene like gjerne skyldes profesjonssentrerte holdninger og vaner, - som manglende ressurser. Videre stiller han spørsmålet om hvem sine interesser som har styrt organiseringen av tjenestene våre,– profesjonene eller brukerne. Kronikken er publisert i tidsskriftet Sykepleien, nr. 9. 2009. Aarre har gitt sin tillatelse til at den også publiseres her:
I kvardagslaget gjer me for mykje og tenkjer for lite. Det er så mykje som skulle vore gjort. Me kastar oss over dei mest påtrengande sakene, løyser dei etter evne og går tungpustne heim frå endå ein hektisk arbeidsdag.
Som helsearbeidarar er me utsette for mange yrkessjukdomar. Den vanlegaste er at me vert nærsynte. Me gløymer å reflektere over det me driv med. Utan nærare grunngjeving går me visst ut frå at me har organisert oss på beste måte og arbeider så lurt som det går an. Eg skulle ynskje det var sant.
Denne artikkelen handlar om to grunnleggjande spørsmål. Det fyrste er kven sine interesser som har styrt organiseringa av tenestene våre – profesjonane eller brukarane sine. Det andre er om det går an å tenkje at me har nok ressursar og at det no er spørsmål om korleis me driv god hushaldning slik at dei strekk til. Som eit døme vil eg nytte eit fenomen eg aldri har greidd å forstå: ventelister i psykiatriske poliklinikkar.
Eg trur at ventelister er moralsk forderveleg av tre grunner:
Kvifor har me ventelister når dei aller fleste seier at det er eit problem? Det må vere nokon som ser seg tente med dei, og eg trur diverre at dette er helsetenesta sjølv. Eg ser på ventelistene som eit av mange gode døme på korleis helsetenesta har lett for å organisere seg ut frå eigen trong, sjølv om det stundom kan gå ut over dei som treng tenestene våre.
Tenk deg at bilen din bryt saman. Du kontaktar firmaet som driv med bilberging. Etter tre veker får du dette brevet i posten: «Vi bekrefter at vi har mottatt Deres henvendelse. Vi skal hente Deres Volvo og bringe den til verkstedet så snart vår kapasitet tillater det. Ventetiden er for tiden på 20 uker. De vil høre nærmere fra oss. Takk for at De valgte Finck Bilberging.» Eg set pengane mine på at du hadde vore lite nøgd med dette. Du kontakta jo Finck fordi du treng hjelp no – ikkje om eit halvt år. Som dei fleste andre ynskjer du hjelp umiddelbart. Men dersom du treng hjelp for ei psykisk liding, må du nok fint ta til takke med ein brev i posten og ein plass på ventelista. Tolugt mod er godt å hava, seier Ivar Aasen.
Kvifor har me organisert oss slik at me let pasientar vente i lange tider når dei treng hjelp? Me er gode til å argumentere for auka løyvingar og viser då gjerne til kor alvorlege konsekvensar dei psykiske lidingane får. Dersom me trur på dette, skulle me kanskje by brukarane våre helsehjelp straks i staden for å by dei ein plass på lista over oppgåver me ikkje tykkjer me har kapasitet til å ta oss av? Mest sannsynleg set dei like stor pris på snarleg time i poliklinikken som du set pris på at bilbergaren rykkjer ut når du treng det.
Argumentet for ventelister er som oftast manglande kapasitet på grunn av for lite ressursar. Men min påstand er at dette like gjerne kan skuldast profesjonssentrerte haldningar og vanar – for ikkje å seie uvanar – og manglande refleksjon over kva signal me sender til dei som treng oss. Det finst poliklinikkar som ikkje held seg med ventelister. I staden sender dei straks brev til pasienten med timeavtale. Pasientane tykkjer det er godt å straks få vite når dei vil få hjelp og kven dei kjem til å møte. Då kan dei jo kontakte rette vedkomande dersom ventetida vert vanskeleg. Det gjev ein heilt anna kjensle av å bli tatt på alvor enn å få brev med bod om at du står på ei venteliste.
Poliklinikkar som ikkje fører ventelister har ikkje betre kapasitet enn andre. Dei har fyrst og fremst andre haldningar til arbeidet sitt og til pasientane dei skal tene. Men ordskiftet vert vanskelegare enn det eigentleg er av at spørsmålet om ressursar blir teke opp. Mange hevdar at ventelistene kan avviklast dersom vi berre får nok ressursar, det vil som oftast seie fleire tilsette. Sjølv trur eg at ventelistene kan bli avvikla straks i alle poliklinikkar dersom det er vilje til det. Mine vener i skulen fortel meg at dei når som helst kan oppleve at familiar med ressurskrevjande born i skulepliktig alder flyttar til kommunen. Då må skulen ta i mot eleven straks. Det er ingen som spør om det er ledig kapasitet, og det kjem aldri på tale å setje eleven på venteliste til lærarane har nok tid og krefter til å ta seg av han. Det finst altså system som ikkje godtek vår måte å gjere ting på. Kanskje me kan lære litt av dei.
Eit utriveleg spørsmål tvinger seg på: er det haldningane eller kapasiteten det skortar på?
Dersom det er sant at me ikkje har tilstrekkelig kapasitet, korleis skal me organisere oss for å gjere det beste ut av det? Dette er eit spørsmål om god hushaldning og om ansvarlege haldningar til oppgåvene. Etter mitt syn er ventelister den verst tenkjelege måten å organisere seg på. Ventelistene gjev lett eit misvisande inntrykk av for liten kapasitet. Er det verkeleg slik at ventelistene syner oss manglande samsvar mellom oppåver og ressursar?
Mange avdelingar har nokså stabile ventelister og er nøgde med at dei klarer å halde listene på eit stabilt nivå. Det inneber at systemet er i balanse, at det er omtrent like mange pasientar som blir søkte til handsaming som det er pasientar som avsluttar handsaminga. Var det ikkje slik, ville ventelistene bli lengre med tida. Etter mitt syn har dei soleis vist det motsette av det dei seier, nemleg at avdelinga har eit godt samsvar mellom oppgåver og kapasitet. Dersom dei tilsette går i lag om ein kortvarig dugnad for å ta unna ventelista, ville avdelinga ha løyst problemet, og det ville snart bli balanse mellom tilviste og avslutta saker.
Eit anna spørsmål er kva ventelistene gjer med produktiviteten. Dersom alle går saman om å unngå ventelister og tek unna saker slik at dei ikkje hopar seg opp, kan produktiviteten auke. Dersom me i staden godtek at pasientar vert sette på ei liste for å vente på ledig kapasitet, har me innført et styringsprinsipp som går på at den einskilde medarbeidaren eller den overordna kan definere kva som er øvre grense for kor mange saker den einskilde skal arbeide med. Vanlegvis fører dette til at me senkar skuldrene og tek på oss færre oppgåver enn me elles ville gjort. Det kan verke demoraliserande når systemet sjølv seier at det har for liten kapasitet. Eg har sjølv blitt kritisert for å ta på meg for mange saker. Den som sprenger akkorden, må ikkje rekne med å bli ein avhalden mann. Det er rart at me sjølve har så lett for å avgjere at kapasiteten er for dårleg.
Me insisterer på kva arbeidsmetodar me skal nytte, legg arbeidsdagen opp etter dette og blir vonbrotne når det viser seg at etterspurnaden etter tenestene våre er større enn det som kan sameinast med arbeidsmetodane. Under slike tilhøve er det ikkje mange vegar ut av uføret. Den eine vegen er å fullføre det arbeidet me har byrja på og utsetje nye oppgåver ved å opprette ventelister. Den andre vegen er å hindre at tilviste pasientar får eit tilbod i det heile – ved å heve terskelen for å få rett til prioritert helsehjelp.
Den tredje vegen er å ta utgangspunkt i at det vanlegvis er rett at folk blir tilvist og så tilpasse arbeidsmetodane til oppgåvene – i staden for å gjere det motsette ved å styre saksmengda etter måten vi arbeider på. Då tek me i mot dei som vert tilviste, men avpassar omfanget av helsehjelpa til kapasiteten vi har. Det kan føre til at pasientane får nokre færre samtalar enn dei elles ville fått, at det er klårare kriterium for avslutning av handsaminga eller at me har lågare terskel for å vise pasienten attende til fyrstelinetenesta etter vurdering. Den tredje vegen inneber at me seier det motsette av det som er vanleg. Me gjev for alltid avkall på å klage over at me er for få, har for lita tid og druknar i oppgåver. Me seier i staden til oss sjølve og alle andre at det faktisk er nok ressursar tilgjengeleg for dei som treng hjelp. Då er det opp til oss å drive god hushaldning med desse ressursane for å sikre at dei som treng det mest, får hjelp fyrst. Er det i det heile råd å tenkje slik?
Det finst sjølvsagt døme på at det objektivt er for lite ressursar i høve til oppgåvene. Men ressursmangel er eit argument som ofte vert nytta i utide. Det er stundom betre å forhalde seg ansvarleg til dei ressursane ein faktisk har og tenkje at ansvaret for å drive god hushaldning ikkje ligg hjå andre enn oss sjølve. Men det forpliktar. Me blir tvungne ut av den passive rolla, der me druknar i oppgåver som me ikkje rekk over. I staden vert me myndige forvaltarar som driv god hushaldning til beste for folket. Den siste rolla er mykje meir morsam. Eg skriv av røynsle, for eg har prøvd begge delar. Så neste gong det vert snakk om at me har for mykje å gjere og for få på jobb, skal eg seie høgt og med patos «- også vi når det blir krevet!» slik at me kjem i hug overeinskomsten om at me har dei ressursane me har. No gjeld det berre å drive betre hushaldning. Verre er det ikkje.
– Å samarbeide med Den norske Turistforening (DNT) var gull verdt for oss!
– Friskliv Ung har fått meg i mye bedre fysisk form. Det er mye mer glede i livet nå, flere relasjoner og lyse dager.
Prosjektet ved Frisklivssentralen i Larvik har som mål å hjelpe unge voksne mot inkludering og en aktiv hverdag.
Tjenesten bidrar i den nyskapende hjelpemodellen "Våre Unge". En medarbeider har kontor på den videregående skolen to dager i u...
Marion har blitt ei helt anna jente enn hun var før. Nå står hun opp om morgenen, går på jobb og møter blikket til folk.
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforskning AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på Napha.no?