Einaste erfaringsmedarbeidar i Sogn og Fjordane

Einaste erfaringsmedarbeidar i Sogn og Fjordane

Publisert: 16. juni 2017.   Endret: 20. juni 2017

Erfaringskompetansen har styrka dei kommunale rus- og psykiske helsetenestene i Luster kommune.

020 (3041 x 1958)

Erfaringsmedarbeidar Jonny Gjerde og leiar i Psykisk helseteam Luster kommune, Vivi Ann Abelsen. FOTO: Møyfrid Kjølsdal/napha.no.

Erfaringsmedarbeidar Jonny Gj...

-Eg såg at vi av og til kom til kort, at vi ikkje klarte å hjelpe brukarane våre godt nok, at vi hadde behov for erfaringskunnskap.Vi såg det var midler å søke på for å styrke tenestetilbodet. Ruskonsulenten foreslo å tilsette ein erfaringsmedarbeidar, og vi tenkte enn om vi kunne fått til noko sånt hos oss!

Det seier leiar Vivi Ann Abelsen om korleis dei kom på tanken om å tilsette ein erfaringsmedarbeidar i eit fylke der dette ikkje er så vanleg.

Erfaringsmedarbeidar til utleige

-Hovudoppgåva til prosjektstillinga er å få personar med rusproblem ut i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Men den jobben Jonny gjer har på eit vis utvikla seg. Fleire andre instansar etterspør hans erfaringskomptetanse, og vi låner han ut: Han held foredrag på skular, hos politiet og på ulike kurs og fagdager i helsetenesta, og vi leiger han ut til andre kommunar som treng kompetansen hans, seier Vivi Ann.

-Ellers har eg samtalar med brukarane, shoppar, trenar, motiverar dei og jobbar generelt med å få folk inn i varig tilfriskning. Eg jobbar både med rus og psykisk helse, seier Jonny Gjerde.

Ein av gjengen

-Har det vore problemfritt å ha ein medarbeidar med brukererfaring?

-I starten var det litt rart, og vi var usikre på om det ville fungere. Det var nokre som kjende Jonny fra før, både før og etter at han vart dårleg. Men, det gjekk seg fort til, seier Vivi Ann

-Eg har ikkje stressa med det. Samfunnet må få tid til å byggje tillit, og eg må vise at eg har endra meg og er ein annan person, seier Jonny.

-Eg føler meg som ein av gjengen, men har kanskje ein annan innfallsvinkel enn dei andre. Eg kan lettare sjå kven som er motiverte for behandling, og kan lettare settje meg inn i korleis det er å sitje på andre sida av bordet, seier han.

-Jonny har tilført oss mykje. Erfaringa hans er dyrebar, og han har lært oss mykje om medavhengighetsomgrepet. Vi har tradisjonelt villa så mykje på brukarane sine vegne, medan Jonny seier noko om at vi kan gjere dei bjørnetjenester. Han forstår dei betre og er meir direkte. Han er nok meir truverdig og mindre moraliserande, meiner Vivi Ann.

Å jobbe i ei bygd der alle kjenner historia di

-Korleis er det for deg å jobbe i ei bygd der du har ei historie?

-Eg synes nesten at det berre er fordelar. Nokre av kollegaene mine har sett meg på det verste, og eg har snakka så mykje om skamma mi. Dei eg snakkar med synast det er fint. I starten brukte eg fire timar på butikken fordi folk ville prate. Eg har mykje meir kontakt med folk no enn før, ler Jonny.

-Openheita di gjev oss innsikt, og den bryt ned mykje av skepsisen, seier Vivi Ann.

Gode tilbakemeldingar

Dei får gode tilbakemeldingar både frå brukarane og frå dei andre kommunane som får «leige» Gjerde. Dei etterspør ekspertisa hans, særleg når dei står fast i vanskelege sakar, der dei ikkje veit kva som er rett behandling for den aktuelle brukaren.

-Eg veit mykje om lyginga, om skamma og det å halde ting skjult, seier Jonny.

-Dette syner jo at andre kommuner også har behov for ein erfaringsmedarbeidar, slik at vi vil verkeleg anbefale alle kommuner dette, seier dei to.

Kompetansehevande midlar

Mer om

Brukererfaringer Brukerkunnskap Brukermedvirkning

Les også

Publisert: 07/4/2014

Nytt ressurshefte for reduksjon av tvang

Publisert: 18/6/2014

Ny i rollen som erfaringskonsulent

Publisert: 24/9/2015

Bikuben - et senter med fokus på brukerkunnskap

Publisert: 04/9/2015

Nyoppstarta erfaringspanel i Bergen

Publisert: 15/4/2016

Min reise - Recovery som en personlig prosess

Aktuelt
Siste fra Kunnskapsbasen
Publisert: 22/4/2025
Praksiseksempel

Sju tips frå Telemark om korleis nabokommunar kan samarbeide om arbeid og psykisk helse

Sjå KVITO-leiar Torbjørn Dyrlands råd til kommunar som vil legge til rette for arbeid til innbyggarar som lett fell utanfor.

Publisert: 03/4/2025
Fagartikkel

Puster seg friskere på kurs i Melhus

Hvordan vi jobber med en medfødt ferdighet og oppmerksomt nærvær mot angst- og stressrelaterte plager