Lungerehabilitering som del av lærings- og meistringskurs for personar som har kronisk lungesjukdom, kan bidra til at dei meistrar kvardagen betre.
PSYKOSOSIAL STØTTE: Kols er ein somatisk sjukdom, men å få ein kronisk sjukdom grip inn i korleis ein har det både mentalt og fysisk.
PSYKOSOSIAL STØTTE: Kols er ein somatisk sjukdom, men å få ein kronisk sjukdom grip inn i korleis ein har det både mentalt og fysisk.
Kols har i dei seinare år fått noko meir merksemd i den norske befolkninga. Truleg har mellom 250 000 og 300 000 personar i Noreg kols, men mindre enn halvparten veit at dei har sjukdomen. Det sjølv om mange udiagnostiserte har symptom, vanskar i kvardagen og redusert livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje 2012).
Kols er ein kronisk lungesjukdom som ein ikkje kan bli frisk av, men ein kan gjere livsstilendringar som gjer at ein kan leve betre med sjukdomen. Røykslutt og fysisk trening er dei viktigaste komponentane i lungerehabilitering.
Les meir om kols på helsenorge.no. http://helsenorge.no/Sykdomogbehandling/Sider/KOLS---Kronisk-obstruktiv-lungesykdom/Generelt.aspx
Forfatter av dette praksiseksemplet er Jorunn Sekse, funksjonsleiar/sjukepleiar, LMS Odda sjukehus Helse Fonna
Teksten et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og NK LMS (Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring.) i 2013.
Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike ærings- og mestringstilbud.
Serie: I perioden november 2013 - februar 2014 publiseres tekstene på Naphas kunnskapsbase Psykiskhelsearbeid.no under temaet Læring og mestring og på NK LMS' nettsted mestring.no.
Tema: Å leve med kols, fysisk aktivitet, avspenning, medisinar og inhalasjonar, angst, samliv, energiøkonomisering, hjelpemiddel, røykslutt, psykososial aktivisering, erfaringsutveksling, evaluering av rehabiliteringsresultat.
Faggrupper representert: Lege, fysioterapeut, ergoterapeut, farmasøyt, sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og erfaren brukar
Hovudmåla er å auka mestring, redusere symptom, betre livskvalitet og auke fysisk og emosjonell deltaking i daglege aktivitetar (GOLD 2011).
Spesialisthelsetenesta og kommunar kan samarbeide om å vidareføre kurstilbodet frå spesialisthelsetenesta til kommunen. Der bør oppfølginga aukast styrkast.
Kols er ein somatisk sjukdom, men å få ein kronisk sjukdom grip inn i korleis ein har det både mentalt og fysisk. Ein kolspasient slit ofte med ulike utfordingar som for eksempel angst. Ei grunnleggande forståing av årsak til sjukdom og korleis forverring kan førebyggast, dannar grunnlag for motivasjon for endring av åtferd. Psykososial støtte inneber hjelp til meistring av fysisk funksjonstap og psykiske symptom. Ei slik støtte kan fører til betre livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols 2012).
Meininga med psykososial støtte er å vere hjelpar til at pasienten aksepterer eigen sjukdom og oppnår betre meistringsevne, samt å oppmuntra og trena pasienten til å tenke positivt. Eit eksempel kan vere å planlegge ein positiv aktivitet kvar dag eller kvar veka. Enkle tips om kvilestillingar og pusteøvingar gjer at ein kan roa ned ein situasjon som elles kunne ført til lettare angst for å ikkje få nok luft.
Mange kolspasientar som røyker klandrar seg sjølv for at dei er blitt sjuke, sidan røyking er ei av hovudårsakene til kols. «Å redusere denne selvklandringen er en viktig del av bevisstgjøringsprosessen» (Askheim, 2003).
Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols 2012, seier ein kan etablera eit tilbod i regi av spesialisthelsetenesta i samarbeid med kommunehelsetenesta og at kompetanse kan overførast mellom helsearbeidarar på dei to nivå. Tilbodet bør bestå av eit oppstartskurs som utgjer eit rehabiliteringsprogram med vidare tilbod om trening i grupper. Det kan omfatte alt frå lærings- og meistringstilbod til ulike treningsopplegg ved frisklivssentralar og liknande, i kombinasjon med god oppfølging frå fastlegen.
Evidensbaserte studiar viser at lungerehabilitering reduserer tung pust, betrar anstrengingskapasiteten, aukar livskvaliteten og reduserer bruk av helsetenester (Hjalmarsen, 2012). Forsking innan feltet vektlegg fysisk aktivitet. Sidan kols er ein kronisk sjukdom som forverrar seg over år, er det viktig at denne pasientgruppa har tilbod om kurs som inkluderer trening, og vidare tilbod om trening i grupper. Deltakarar på vårt lærings- og meistringskurs, har gitt tilbakemelding på at dei klarer å vere meir aktive etter kurset. Det å lære at ein kan ta medisin før aktivitet, ta korte pausar undervegs og bruke pusteteknikkar for å ta seg igjen, evaluerer dei som veldig nyttig.
Kursdeltakarane ved vårt og andre LMS som har same gruppetilbod, gir gode evalueringar etter kurset. Nokre fastlegar har òg gitt tilbakemelding på at pasientar som har vore på lungerehabiliteringskurs, har fått meir kunnskap og innsikt i korleis dei kan ta ansvar for eigenoppfylging. Ta for eksempel undervisning i bruk av inhalasjonsmedisinar og angstmeistring. Dette er praktisk retta og dermed noko dei kan nytte i kvardagen. Kursdeltakarane er særs nøgde med brukarinnlegg der ein tidlegare kursdeltakar fortel om sin situasjon og bruk av ulike meistringsstrategiar. Å vere saman i ei gruppe med andre som er i liknande situasjon er òg lærerikt. Erfaringsutvekslinga som skjer der er noko me som helsepersonell er på sida av. Men samtidig er det ein fordel at kursleiar er til stades så deltakarane kan stille spørsmål og avklara ulike problemstillingar.
Utsegn frå tidlegare kursdeltakarar:
Korleis kan så denne store pasientgruppa ivaretakast i eit pasientforløp? Kva skal føretaket ha ansvar for, og kva skal ut i kommunen?
Pasientopplæring og rehabilitering i kommunane krev utvikling og etablering av både kompetanse og kapasitet. Allmennlege, sjukepleiar og fysioterapeut bør delta aktivt i det kommunale rehabiliteringsarbeidet. Fleire som har kols vert vist til rehabiliteringsopphald ved spesialiserte institusjonar. Dette er bra, men tilbod for oppfølging nær der ein bur, er viktig for å klare å følgje opp det ein har lært under opphaldet. Forsking viser at vedlikehald av trening er viktig for å behalde effekten av lungerehabilitering (Hjalmarsen 2012).
Det er anbefalt at opplæring, psykologisk støtte og hjelp til «endring av åtferd», må givast tidleg i pasientforløpet. Det er spesialisthelsetenesta si oppgåve. Men òg kommunane bør ha eit oppfølgingstilbod til personar som har kronisk lungesjukdom. Helsedirektoratet skriv i rapport, «Avklaring av ansvars- og oppgavedeling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten på rehabiliteringsområdet 2012», at spesialisthelsetenesta skal ha spesialisert kompetanse og vere kompleks. Altså skal tidleg rehabilitering for blant anna personar som har lungesjukdom halde fram i spesialisthelsetenesta. Men, den seinare rehabilitering og koordinert oppfylging skal aukast og styrkast i kommunen si helse- og omsorgsteneste.
Lærings- og meistringstilbod innan lungerehabilitering er eit av kurstilboda me ser gradvis kan overførast frå spesialisthelsetenesta til kommune. I fyrste omgang, kan ein samarbeide om dette med at noko vert i regi av sjukehuset og noko i regi av kommunen. Som eksempel kan lege, farmasøyt og sjukepleiar ta ein del undervisning ved sjukehuset, så kan fysioterapeut undervise og ha den praktiske treninga i kommunen. Dette kan òg vere i samarbeid med fysioterapeut frå sjukehus. Alvorleg sjuke pasientar med kols skal fortsatt ha tilbod i spesialisthelsetenesta (Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols, 2012).
Ennå er det mykje uavklart om kven som har ansvar for kva innan pasientopplæringsfeltet. Det trengst overordna avklaringar for å få gode pasientforløp og kunnskapsutveksling på dette området. Tilbod om vedlikehaldsaktivitet i kommune og brukarorganisasjonar er avgjerande for god oppfølging over tid. Frisklivssentralar, frivilligheitssentralar og kommunale lærings- og meistringstenester er aktuelle samarbeidspartar her. Nettverk med kontaktpersonar innan lungesjukdom, både i sjukehus og kommune, er eit samhandlingsverktøy. Samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta er svært aktuelt og relevant for dette feltet framover.( NK LMS, Notat 1/2013).
Rehabilitering og opplærings for pasientar med lungesjukdom har dokumentert effekt, men er klart underdimensjonert i forhold til dagens behov og det tydeleg aukande behov i åra som kjem.
Hjalmarsen, Audhild, Lungerehabilitering – Kols og andre lungesykdommer, , Cappelen Damm Akademiska, 2012- https://www.cappelendammundervisning.no/undervisning/product-detail.action?id=158458&query=hjalmarsen&richList=true
Askheim, Ole Petter, Fra normalisering til empowerment,
Gyldendal akademisk, 2003.
http://www.gyldendal.no/Faglitteratur/Helse-og-sosialfag/Vernepleie/Fra-normalisering-til-empowerment
Nasjonal faglig retningslinje og veileder for forebygging, diagnostisering og oppfølging av personer med kols. Helsedirektoratet, 2012,IS-2029- http://helsedirektoratet.no/publikasjoner/nasjonal-faglig-retningslinje-og-veileder-for-forebygging-diagnostisering-og-oppfolging-av-personer-med-kols/Sider/default.aspx
Avklaring av ansvars- og oppgavedeling mellom kommunene og spesialisthelsetjenesten på rehabiliteringsområdet; Helsedirektoratet, 2012IS-1947.
http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/avklaring-av-ansvars--og-oppgavedeling-mellom-kommunene-og-spesialisthelsetjenesten-pa-rehabiliteringsomradet/Sider/default.aspx
Utredning av ansvarslinjer og oppgavedeling for lærings- og mestringstjenester i spesialisthelsetenesten, Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring (NK LMS), Notat 1/2013.
Mestring.no: Notat fra utredning av ansvars og oppgavedeling, Mestring.no
Helsenorge.no: KOLS - Kronisk-obstruktiv-lungesykdom
(http://helsenorge.no/Sykdomogbehandling/Sider/KOLS---Kronisk-obstruktiv-lungesykdom/Generelt.aspx)
Kols har i dei seinare år fått noko meir merksemd i den norske befolkninga. Truleg har mellom 250 000 og 300 000 personar i Noreg kols, men mindre enn halvparten veit at dei har sjukdomen. Det sjølv om mange udiagnostiserte har symptom, vanskar i kvardagen og redusert livskvalitet (Nasjonal faglig retningslinje 2012).
Kols er ein kronisk lungesjukdom som ein ikkje kan bli frisk av, men ein kan gjere livsstilendringar som gjer at ein kan leve betre med sjukdomen. Røykslutt og fysisk trening er dei viktigaste komponentane i lungerehabilitering.
Les meir om kols på helsenorge.no. http://helsenorge.no/Sykdomogbehandling/Sider/KOLS---Kronisk-obstruktiv-lungesykdom/Generelt.aspx
Forfatter av dette praksiseksemplet er Jorunn Sekse, funksjonsleiar/sjukepleiar, LMS Odda sjukehus Helse Fonna
Teksten et resultat av skrivekurs arrangert i samarbeid mellom NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) og NK LMS (Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring.) i 2013.
Deltakerne på kurset formidler erfaring fra organisering av ulike ærings- og mestringstilbud.
Serie: I perioden november 2013 - februar 2014 publiseres tekstene på Naphas kunnskapsbase Psykiskhelsearbeid.no under temaet Læring og mestring og på NK LMS' nettsted mestring.no.
Tema: Å leve med kols, fysisk aktivitet, avspenning, medisinar og inhalasjonar, angst, samliv, energiøkonomisering, hjelpemiddel, røykslutt, psykososial aktivisering, erfaringsutveksling, evaluering av rehabiliteringsresultat.
Faggrupper representert: Lege, fysioterapeut, ergoterapeut, farmasøyt, sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og erfaren brukar
Hovudmåla er å auka mestring, redusere symptom, betre livskvalitet og auke fysisk og emosjonell deltaking i daglege aktivitetar (GOLD 2011).
– Å samarbeide med Den norske Turistforening (DNT) var gull verdt for oss!
– Friskliv Ung har fått meg i mye bedre fysisk form. Det er mye mer glede i livet nå, flere relasjoner og lyse dager.
Prosjektet ved Frisklivssentralen i Larvik har som mål å hjelpe unge voksne mot inkludering og en aktiv hverdag.
Tjenesten bidrar i den nyskapende hjelpemodellen "Våre Unge". En medarbeider har kontor på den videregående skolen to dager i u...
Marion har blitt ei helt anna jente enn hun var før. Nå står hun opp om morgenen, går på jobb og møter blikket til folk.
Ansvarlig redaktør: Ellen Hoxmark
Webredaktør: Ragnhild Krogvig Karlsen
NAPHA er en avdeling i
NTNU Samfunnsforskning AS
Skriv og del:
Vil du skrive en artikkel på Napha.no?