Inn på tunet - mestring i praksis

Inn på tunet - mestring i praksis

Publisert: 09. januar 2015

Gode erfaringer frå Inn på tunet i heile landet skal delast, slik at fleire kommunar kan vurdere tilbod for sine brukarar.

Inn på tunet - mestring - illustrasjonsfoto - artikkel Bjerkeset

RECOVERYPROSESS: Inn på tunet gjev, gjennom kvardagsoppgåver som høyrer til på ein gard, rutinar, mestring og trening i å ta ansvar. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com)

RECOVERYPROSESS: Inn på tunet...

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit treårig prosjekt der kunnskapen om Inn på tunet skal auke. Gode erfaringer skal delast slik at fleire kommunar i fylket vert i stand til å vurdere om Inn på tunet kan medverke til at deira brukarar får ein betre kvardag og kan kome tilbake til lokalsamfunnet. Mange Inn på tunet-tiltak har gode resultater. Meir bruk av Inn på tunet-tiltak er god samfunnsøkonomi og ikkje minst ei moglegheit for brukaren til å ta kontroll over eige liv.

Mestring og det friske

Inn på tunet-tilbod er tiltak der mestring er det sentrale perspektivet. Tiltaka finnast no over heile landet. Inn på tunet kan nyttast innan mange sektorar. Særleg relevant er det kanskje innan psykisk helsearbeid og arbeid med rus.

Inn på tunet er no ei eiga merkevare med ei kvalitetsgodkjenning, men er og kjend som "grøn omsorg" eller "grønt arbeid". Felles for desse overskriftene er at det er eit tilbod der ein fokuserer på det friske og på mestring, og ikkje det som er sjukt eller dysfunksjonelt.

Den nye rettleiaren i lokalt psykisk helsearbeid og rusarbeid for vaksne legg mellom anna vekt på brukarperspektivet, auka samarbeid, lokale tilpassingar og utvikling av tenestene, betring av levekår, heilskapelege tenester og at problema vert sett i samanheng, der empowerment og recovery er styrande perspektiv på tenesteytinga.

Landbruk og aktivitet

Inn på tunet er velferdstenesteproduksjon med utgangspunkt i landbruksressursar.Innhaldet i tilboda består av ulike landbruksrelaterte aktivitetar som høyrer med i den daglege drifta på ein gard der brukarane er med på å utføre desse gjeremåla. Inn på tunet-tilboda er små tilbod der forholda og tal personar å forhalde seg til er oversiktlege. Dette gjer at tilbodet er trygt og fleksibelt og kan tilpassast den einskilde brukar.

Multitilbod

Det er kombinasjonen av fleire faktorar i Inn på tunet-tilbod som gjer tilbodet så unikt og godt eigna til bruk for personar med psykiske lidingar og/eller rus. Dette er tilbod der ein på same tid får sosial trening, konkrete og nyttige arbeidsoppgåver med eit synleg føremål, frisk luft, fysisk aktivitet, naturopplevingar og kontakt med dyr. Alt dette er einskildfaktorar som ein veit har effekt på psykisk helse, men som kan vere utfordrande å få til i ei "pakke".

Rettleiaren nemner ei rekkje tiltak som bør vere på plass gjennom det kommunale apparatet for å betre brukaren sin kvardag som arbeidstiltak, sosiale møteplassar og frisklivssentralar. Dette set store krav til god samordning og koordinering, noko ein veit er utfordrande å få til i den kommunale kvardagen. Dei færraste kommunar har ressursar eller høve til å byggje opp slike "multitilbod" i eigen regi når tal brukarar varierar i periodar.

Rettleiaren legg stor vekt på viktigheita av å betre levekåra og "kvardagslivet" som ledd i recoveryprosessen. Inn på tunet gjev, gjennom kvardagsoppgåver som høyrer til på ein gard, rutinar, mestring og trening i å ta ansvar. Gjennom ulike oppgåver får brukaren øvd opp sine praktiske ferdigheiter, noko som er viktig for brukarar som ofte er passive og som ikkje har vore i regelmessig aktivitet tidlegare eller som har vore passive gjennom ein lengre periode.

Nytt innhald i livet

 Rusen har ein funksjon, og mange opplever tomheit når rusen forsvinn. IPT-tilbodet opplevast ikkje som behandling og gjev innhald i livet, noko å leve for og noko å strekkje seg etter. Eit Inn på tunet-tilbod er eit "ekte" tilbod i den forstand at det ikkje er innhald og aktivitetar i tilbodet som er oppkonstruert for å ta i mot brukarar, men er oppgåver som må gjerast på ein gard. Gjennom gardsaktivitetane ser ein resultat av eige arbeid, enten gjennom at bråket i fjøset stilnar etter foring eller at gulrøtene veks opp etter planting nokre månader tidlegare. For ein brukar som har dårleg sjølvbilete og negative opplevingar i bagasjen, kan det vere veldig tilfredsstillande sjå resultat av eigen innsats og mestre nye og uvante oppgåver og situasjonar. Ein viktig del av eit IPT-tilbod er samver og aktivitetar med dyr. Dyr møter menneskjer der dei er i livet på ein ærleg måte utan å tanke på utsjånad, diagnose eller forhistorie. Dei gir kjærleik, tryggleik og tillitt og gjer brukaren moglegheit for å gi omsorg (”nokon har bruk for meg”) og oppleve mestring.

Frå å vere ein som aldri har klappa ein sau til å bli ein person som er med på lamming, eller ein person som alltid har vore redd hestar til å mestre å ri ein hest, er store viktige steg i å bygge opp trua på eigen person,  bli herre i eige liv og ta fatt på eigne utfordringar.

Veit ikkje nok om Inn på tunet

Samhandling og utvikling av tilbod er viktig for at vi skal kunne løyse utfordringane med auken i psykiske lidingar og rusrelaterte problem. Det ein ser er at det er variabel kunnskap om kva eit Inn på tunet-tilbod er, kva det kan nyttast til og kva ein kan oppnå med det. Med betre kunnskap om kva Inn på tunet er, kan kommunane nytte det i sine tenester og gje brukarane eit betre tilbod, slik at dei kjem i gang med liva sine igjen.

Ta kontakt!

Om du vil vite meir om Inn på tunet eller korleis ein kan etablere slike tilbod, kan du lese på Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine nettsider eller kontakte Fylkesmannen i ditt fylke!

Meir kunnskap på Psykiskhelsearbeid.no:

Inn på tunet

Inn på tunet er definert som "tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som vert nytta til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der."

Kjelde: Inn på tunet Handlingsplan 2013-2017, Landbruks- og matdepartementet

Kontakt og arbeid med dyr er ein viktig del av eit Inn på tunet-tilbod (FOTO: Marit Hjortung)

Mer om

Empowerment Recovery Rusproblem og psykisk lidelse Organisering av tjenester Kronikker

Les også

Publisert: 26/9/2018

Hva er det egentlig greit å snakke med brukere og pasienter om?

Publisert: 01/12/2023

Krise i helsevesenet? Ikke glem ressursene vi allerede har!

Publisert: 21/11/2024

Fra fragmentert til helstøpt psykisk helse- og rustilbud i Frogner bydel

Publisert: 30/8/2012

Forpliktende samarbeid om brukermedvirkning i kommunene

Publisert: 05/5/2015

Det motsatte av gode holdninger er blinde felt

Siste fra Kunnskapsbasen
Publisert: 24/3/2025
Arbeid og psykisk helse

– Jeg ville aldri oppnådd å bli lærling i en elektrikerbedrift uten Skar-prosjektet

– Psykiske helsetjenester i kommuner kan tjene mye på å spille på lag med frivillige organisasjoner, sier Hege Eika Frey

Publisert: 12/3/2025
Arbeid og psykisk helse

Nyttig modell for kommuner som vil jobbe smart med folkehelse og ungdom

– Å samarbeide med Den norske Turistforening (DNT) var gull verdt for oss!